torsdag 21. februar 2013

Belønning

Har vore ein tur til Bergen denne veka, og etter litt tortur "behandling" på Haukeland så syntes eg jammen at eg fortjente ein real oppmuntring. Og ka er vel meir oppmuntrande enn garn??

Under påskuddet at eg bare MÅTTE ha nåke garn til klutar til svigermor, fekk eg lokka maen til å kjøra meg ned til Jernbanestasjonen og ein av norges beste garnbutikkar: Norwegian Spirit!




Det var ein smule sannhet i det med klutgarnet. Strikka nemlig ein klut av Drops sitt Bomull Lin som svigermor fekk for ei tid sidan, og denne kluten er visstnok heilt fabelaktig. Det var eit grovt og grusomt garn å ha på pinnane, og eg hadde aldri trudd at "klutegenskapane" skulle bli så bra. Det står at det skal vaskast på 30 grader på magebandet, men kluten lever framleis, til tross for kokvask!


Feil farge på den turkise her, lyset gjer at den ser blå ut, men i verkelegheten er den petrolblå.

Eg hadde i tillegg fått i oppdrag å handla med meg litt av det nye garnet til Garnstudio, Drops Loves You til Monica. Og når eg kom ut i bilen med ein svær, stappfull pose var det veldig fint å kunna bortforklara til maen at neida, det er ikkje mitt, mesteparten er Monica sitt:)
Eg hadde egentlig ikkje tenkt at eg skulle ha noko av dette nye blandingsgarnet, men med 150 meter i ei 50/50 blanding med ull og alpakka til bare 16,50, ja då måtte eg ha med meg fire hesper heim. Fargane var jo rett og slett nydelige.

Siden eg hadde litt dårlig tid, og visste at eg måtte stå til ansvar for sjåføren, så blei det litt sånn hyrten og styrten handling på meg. Ikkje at det førte til at eg ikkje fekk med meg nåke garn, til det har eg for godt innarbeida garnhandlaregenskaper! Men eg kunne gjerne ha tenkt meg litt meir tid til å sjå på alle dei mjuke fristelsane denne butikken har...


Men, det fekk bli med heim litt garn frå Lang - Lanalux, som tilfeldigvis og veldig høveleg, var på tilbud. Med ein niåring i hus blir det aldri feil med garn med glitter i. Både svart, mørkeraud og turkis fekk vera med heim.



Og så til toppen av kransekaka, rosinen i pølsa og garnposens høgdepunkt! Rowan Summerspun. Desse fargane var bare så nydelige samen, og den spesielle tvinnen gjer at eg er veldig nysgjerrig på kossen det ferdigstrikka resultatet blir. Butikken på Jernbanen har et enormt utvalg i Rowangarn, men eg klarte ikkje finna det på nettsida deiras i farten, nettlink er henta frå Loveknitting.
Innbille meg at dette må bli eit fin lita vårjakke kanskje...



 Så til alle som skal til Bergen, du bare MÅ setta denne attraksjonen øverst på lista. Strikkar du kan eg nesten garantera at du aldri vil gå tomhendt ut herifrå!  Og ei trøst til dei som ikkje skal til Bergen i nær framtid: Dei har NETTBUTIKK!


3 kommentarer:

  1. ååååå, heldiggrisen! Så spennande å sjå. Jammen bra eg fekk herlig garn i posten idag-- frå Strikkinnom. Gidde ikkje blogga før i "mårå", for idag skal me jo på "spøtetreff" =)

    SvarSlett
  2. Ja du er heldig du :) er vel den garnbutikken jeg "forelsket" meg i fjor sommer? 3 gode sneller viste vei dit, og du verden for en butikk Jane, kjempefin :)fins den som nettbutikk no, da må jeg titte - går nok fort noen timer da....hmm :) kos deg masse, flott garn du har

    SvarSlett
  3. Nå fikk jeg lyst å ta meg en liten tur til jernbanestasjonen :)
    Rowangarnet var KNALLfint!!

    SvarSlett