fredag 15. februar 2013

Ny favorittbutikk

Eg trudde ikkje at det fantes ein nettbutikk som kunne måla seg med Webs på garn, men der tok eg feil. Eg har i dag fråtsa i et hav av nydelige garnsortar hos Die WollBox, og nå er det plutselig ein garnpakke på veg til Uskedalen.


Eg skuldar det litt på Linda, som viste meg et herlig garn i dag, som eg bare måtte sjå om eg fann på nett. Og det gjorde eg så klart.. I lag med ein heil haug med andre spennande garnsortar eg aldri har sett før. Jada, hardt angrepet av ullemi...







Under trappa minkar det på posane med blader, omtrent halvvegs vil eg tippa, og i dag har eg vore innom 1999. Eg trudde det berre skulle vera Familien i posane, så overraskelsen var stor då eg kom over ein haug med Alt om Håndarbeide. Må trekka på smilebåndet av ein del av dei snåle tinga ein skal laga for å pynta opp heimen sin. 90-talet virkar plutseleg så uendeleg fjernt...


 

Denne barnegenseren derimot, må jo vera ein tidleg variant av Dorthe-genseren. Enkel rillestrikk, med masse montering, utan tvil ein slektning av denne vinterens største farsott.. Kanskje et lite tankekors til alt oppstyret om Dorthe Skappel hadde kopiert modellen frå ein eller annan norsk designer. Når det gjeld strikking så har det meste vore gjort i ein eller annan form tidlegare, kruttet kan ikkje finnast opp på ny!


4 kommentarer:

  1. Nei og nei, -det va jammen dårlig gjort..! Har allerede et garnlager som er sikkert like stort som ditt, og i tillegg nettopp fått en drøss meir http://lykkelitablogg.blogspot.no/2013/02/at-det-var-godt-komme-heim-e-en-sterk.html,
    og så tipser du om denne lekkerbiskenen av en butikk...blir nok en aldri så liten bestilling derfra er jeg redd :o)
    -Veldig kjekt å gå på dypdykk i gamle blader, har fått endel so besta hadde av gamle hjemmet og slik, og sjøl om det meste berre blir nostalgi har eg funne etpar oppskifter eg har brukt. God helg! :o)

    SvarSlett
  2. morsomt å finne gamle blader med "gamelt nytt"
    kos dig:-)
    fra "den magiske kluten"

    SvarSlett
  3. Rart med da- når tilfeldighetane slår til med garnmangel. Fryd å finna slike godbetar på nettet.

    SvarSlett
  4. Det garnet ser jo helt herlig ut da :) full forståelse for en ev fråtsing på dette planet, hihi... Spennende med gamle håndarb.blader, ha en fin dag Jane

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten