mandag 31. desember 2012

Svart desember

Både førjulstid og romjul har egentleg vore ganske svart for min del. På strikkefronten vel og merka. Eg har nemleg strikka både pulsvarmerar, sjal og leggvarmerar i tynn alpakka - farge nattsvart! Blei mjukt og godt, men jammen glad den bestillinga er ferdig. Mønster på svart, tynt garn er vanskeleg å sjå når ein begynne bli gammal gitt!




Lille julaften laga eg årets siste babybooties. Har blitt ein del par av desse etterkvart. No når eg har finpussa oppskrifta så er det mykje lettare å strikka desse populære babysokkane, og eg er rimeleg sikker at det blir ein del av desse til neste år også.


Jula kom jo i år også sjølv om eg ikkje hadde bakt 7 sortar, rundvaska eller bakt lussekattar. Og det var vel stort sett et etegilde tre dagar til ende. Sjølve julaften var vi rundt 20 til bords, og når ein ser pakkegalskapen under treet skulle ein ikkje tru at det knapt var ungar med å feira. Koseleg var det i alle fall, og nissen kom med mjuke pakkar til meg.


Frå austlandet og strikkementor Zirkona kom denne fantastiske "meisen" i fargen rabarbra. Fargane er endå djupare og rikare enn ein kan forestilla seg, fins ikkje eit bilde som yter dette garnet rettferdighet! Wollmeise har nær sagt vore umuleg å få tak i, med mindre ein er villig til å betala ein formue på e-bay, men i det siste har det faktisk skjedd at det har vore nokre hespar igjen i nettbutikken deiras. Mitt vidunder har derimot blitt transportert frå Tyskland i koffert!
Har du lyst å prøva deg på ein meis kan du sjekka ut her!


Den andre garngaven eg fekk var frå Monica. Etter å ha "samstrikka" mange av dei kjedelige mandagane i 2012, så var det jo ikkje vanskeleg for ho å finna ei gåve som fall i smak! Strikkebok og herleg garn frå Drops! Blir ikkje bedre!!


Gjennom året har eg ført "rekneskap" over alt garn som har blitt kjøpt og brukt. Eg gjekk jo inn i 2012 med håp om å slanka garnlageret, men i staden har det nesten dobla seg. Kan vel kort og godt kalla det ein kjempesmell. Dei siste oppdateringane blei lagt inn der i dag, så får eg ta å finrekna på gramma seinare ein dag for å finna ut kor ille det faktisk står til:)
Uansett så er eg nysgjerrig på kor mange kilo eg har strikka opp!


Så med kalkun i ovnen og kaos på resten av kjøkkenet, strikkeabstinens på kokken og gjesteinntog om vel ein time - vil eg ønska alle som har vore innom bloggen min i 2012 eit godt nytt år! Håpar dåke vil klikka innom meg i 2013 også!




mandag 24. desember 2012

24. desember - Julaften!

Så var dagen her, plutselig. Synes nettopp det var sommar og skuleferie, og så er vi snart til endes på året.
Så langt har vi unnagjort Snekker Andersen og Julenissen, Tre Nøtter til Askepott, grauteting, litt klesvask og fått pakkane i bilen. Nå er det siste etappen på Timmy Gresshoppes jul, og så får vi hiva på oss finstasen.

I den siste luka har eg funne ei av dei finaste oppskriftene Garnstudio har kome med til dame. Ikkje ofta eg synes dei har kome med nåke "nytt", men denne jakka skil seg ut i stilen, heilt klart!
Oppskrifta finn du her!






Så med det vil eg sei takk for alle som har følgd julekalenderen min, sendt meg kjekke kommentarar og delt bloggen min på ulike media. Håpar nokon kanskje har fått eit tips eller to som dei kan få prøvd ut i 2013!
Så var det siste vinnar som får ei adventsgåve av følgerane mine! Swissie, du blei fjerde og siste dame ut! Flott om du kan sende meg adressa di på ja-haara@online.no så kan eg få avgårde ein liten pakke til deg!

God jul!

søndag 23. desember 2012

23. desember - Vetle Julaften

Så var den alt her, kvelden før kvelden. Å, eg skulle gitt mykje for å klara henta fram igjen den same sitrande forventningen som eg hadde når eg var 10 år. Men det er ikkje lenger nok at det ventar pakkar og Tre Nøtter til Askepott i morgo, eg treng meir for å få den gode stemninga. Så nå har eg fått lys under kongerøkelsen, mandariner og nøtter på bordet og julemusikk på tv. Og så ventar eg i spenning at julestemninga skal siva inn over meg...

Så får me ta den nest siste luka i kalenderen... I dag snike me oss over til Viking Garn. Det enkle er ofte det beste - det vise jo på denne dressen. Ikkje alltid det skal så mykje mønster til for å gjera det fint!
Oppskrifta finn du her!




22. luke

Er i det litt nostalgiske hjørnet i kveld, og har derfor funne fram ei fin oppskrift frå Sandnes Garn. Dei har lagt ut fleire eldre oppskrifter gratis på nettsida si, og her er det mange godbitar å finna.




For meg som har sy- og monteringsvegring, så var desse flotte modellane med rundfelling midt i blinken.

På tunikaen vart det kanskje litt voldsomt med striper heile vegen, i alle fall i ein så stor størrelse, men syntes mønsterborden var fint plassert. Oppskrifta finn du her!

Så må eg takka alle kjente og ukjente som er innom bloggen min. Koseleg å få så mange fine tilbakemeldingar på fjåseriet mitt! Og til deg, Line V, viss du les dette hadde det vore fint om du sendte meg adressa di sidan du er trukke ut som adventsvinnar blandt følgerane mine.
E-post: ja-haara@online.no

fredag 21. desember 2012

21. luke

I dag fekk eg et anfall av skikkelig julestresspanikk! Over alt eg skulle, burde og kunne ha gjort. Men etter å ha fått posta siste julekorta, støvsugd og hatt eldste jenta til å laga honni-snacks, så kom det seg litt. Nå har eg i alle fall 2 kakeboksar eg kan henta fram.


Så var det dagens oppskrift, også denne frå Drops. Satt og leita i dag for å finna ein ny kofte/jakka til eldstejenta, og syntes denne her var veldig stilig. Det fine var i tillegg at den gjekk så høgt opp i størrelse at begge jentene kan få like. Mulig at eg, for å få dei ferdige i vinter, må fri til Oldebestå på Haugland, ho er ein reserstrikkar! Pinnane meir eller mindre spyttar ut ferdige strikkeplagg.





Oppskrifta på jakka finn du her!

torsdag 20. desember 2012

20. luke

I dag har det vore hektiske tilstandar i heimen. Først blei eg invitert på krumkakesteiking hos svigermor. Kjempekoselig, og greit med moralsk støtte siden eg aldri har laga krumkaker før. Gjekk veldig radig og greitt, hadde trudd det var litt meir hokus-pokus enn som så.


I ettermiddag og kveld har eg skrive julakort og pakka inn gaver. Og for eit kaos på kjøkenet. Ei stund var det til og med eit aldri så lite branntilløp då eit julakort plutselig sklei borti eit telys. Det tok fyr. Godt eg bevarte fatningen og elegant fekk putta kortet i oppvaskkummen. Minuset er jo at det kanskje er nokon som ikkje får julakort i år. (Viss eg no, mot formodning, har gløymt nokon, så skuldar eg på det fyrige kortet!)

I dagens luke tenke eg me tar noko som absolutt ikkje er julete. Denne søte krokodillen frå Garnstudio var jo berre bedårande. Så synd at eg ikkje kan hekla! Må visst gjera alvor av å få lært meg kunsten!




Oppskrifta på krokofanten finn du her!

onsdag 19. desember 2012

Nittande luke

Julekort, julekaker, julegaver, julehefter, julemusikk, julestemning - ein kan bli ør av mindre. Advent er snart forbi, og alt som eg skulle ha så god tid til, det har eg ikkje rukke. Neste år, ja då skal eg dra fram både julepynt og julemusikk i midten av oktober, sånn at eg verkeleg kan få tid å nyta førjulstida.

Noko av grunnen til at dagane har blitt litt hektiske var dette strikkeoppdraget for Norsk Alpakka. Eg har strikka ein del for dei tidlegare, og sa jo sjølvsagt ja også denne gongen. Pulsvarmerar, skjerf og leggvarmerar i svart, tynn alpakka. Tru meg, det tar tid! Eg fekk i tillegg ganske frie tøylar, så her måtte også den kreative hjernecella takast i bruk. Blei eit sjal strikka på rundpinne med påfuglribb i kvar ende og med litt breidde over skulderpartiet. Skråa overgangen mellom ribb og glattstrikk for at det ikkje skulle bli så oppdelt, og det var ei god løysing synes eg sjøl. Får håpa mottagaren vert nøgd!


Kjekt å kunna strikka med garn frå alpakkadyr som har gått å luffa rundt på bakkane i Vikedal.


******************************************************************************

Så var det kalenderopning. Yr.no melde om kaldare vêr igjen, og det evige votteproblemet melde seg. Dei varmaste vottane forsvinne alltid, og utvalget i kjedebutikkane er begredelig. Små hender som skal vera lenge ute må ha gode, varme ullvottar. Og ingenting slår tova vottar. Derfor har eg i dag funne ei oppskrift frå Sandnesgarn som burde varma både små og litt større hender.


Mønsteret finn du her!

Attende luke

Attende luke kjem litt forseinka, rett og slett grunna ein data som ikkje orka starta i går. Trur kanskje me må investera i ein ny som vil jobba når me trenge det.

Ein av mine favorittar står for dagens oppskrift. Eg har alltid hatt sansen for strukturmønster og denne lua frå pickles er ein innartiar.

 


Oppskrifta finn du her!

tirsdag 18. desember 2012

17. luke

Desember skulle vore dobbel så lang, i alle fall burde me hatt ei veka ekstra før julekvelden kjem busande på oss. Kossen kan det ha seg at vekene som virka som ein evighet når eg var liten, nå rase forbi før eg får sukk for meg. Dagane må ha vore mykje lengre før...

Eg har trukke søndagens vinnar blandt følgerane mine. Line Vesterheim, når eg får spora opp adressa di får du ei adventshelsing i posten!
Og me har endå ein søndag igjen før julaften, så det er ikkje for seint å legga seg til som følgar av bloggen min!




Så den syttande kalenderluka. Sidan eg sjølv sit å strikkar leggvarmerar, så tenkte eg at et stilig sett med tilbehør kunne passa i dag. Oppskrifta er frå Gjestal, og med tjukt garn så kan du rekka i alle fall noko av det innan julekvelden. Oppskrifta finn du her!

søndag 16. desember 2012

Sekstande luke

Eg strikkar som ein gal på eit svart, mjukt alpakkaskjerf som MÅ vera ferdig før posten går i morgo. Derfor er det nesten slik at eg strikkar med tærne mens eg blogge dagens kalenderluke! Hadde i alle fall gjort dersom eg kunne!

Tenke at den beste julegaven til alle flittige strikkerar må jo vera å laga noko fint til seg sjølv. Så eg foreslår å kjøpa seg et nydeleg mjukt garn i DIN drømmefarge og laga deg dette flotte vintersettet!

 
 
 
 
 
 

lørdag 15. desember 2012

Femtande luke

I natt og i dag har det vore skikkelig uvær her. Me har ikkje hatt så store mengder snø som lenger sør, men med ekstremt mykje vind har det blitt ganske spennande likevel. Samtlege ferjer har vore innstilt, løetak har blåst av og jammen velta ikkje ein lastebil i ei vindflaga i dag. På sånne dagar er eg glad for solid hus og at naboane ikkje har trampolinar ute!


I dagens kalenderluke har eg funne ein voksenvariant av den strikka bootiesen. Sidan dei små til baby har vore så populære, så kunne det høva med eit alternativ til vaksne. Gode og varme er dei også, og med tjukt garn og tjukke pinnar går det kjapt å få ferdig! Oppskrifta finn du her, og garnet er jo faktisk på salg hos alle Drops forhandlerar ut året!


fredag 14. desember 2012

Fjortande luke

Trur me må innom ull.no for dagens kalenderluke også. Dei har mange fine gratisoppskrifter på sida si, og denne lyserosa saken var ganske bedårande.


Slike sett er praktiske nå i vinterkulden, ikkje minst viss ein skal til og frå butikken og barnehagen. Bilen er ofte kald, men det blir litt mykje å sitta med kjeledress for dei små i bilen!
Oppskrifta kan du laste ned her!



Sjøl har eg et skjerf i alpakka, tynn alpakka, på pinnane. Går ikkje fullt så radig som eg hadde håpa, men med pinne 2,5 seie det seg vel sjøl at ting tar tid. Mjukt blir det i alle fall.

torsdag 13. desember 2012

Trettande luke

Luciadagen og greier, men ingen lussekattlukt å kjenna her i huset. Hadde egentlig planar om å hiva i hop ein deig i dag, men i staden så har eg sløst vekk det meste av dagen på julegavehandling. Og ja, det er sløsing med tid å traska i butikkar. Får jo ikkje strikka samtidig!
Men, nå er me faktisk ferdig med julehandelen for i år, og takk for det!

Nå er det beina høgt, fram med strikketøyet og på med håndballkamp. DET er kos det. Men litt kalenderopning er kanskje på sin plass først? I dag tenkte eg å henta et mønster frå ein av mine utenlandske favorittar. Cascade oppdaga eg når eg var til USA første gong, og eg har i ettertid handla garn frå dei på nett fleire gonger. Mønsteret har eg forresten henta i min favoritt nettbutikk, webs.




Håpar dei fleste klarar mønsteret sjølv om det er på engelsk.


onsdag 12. desember 2012

Tolvte luke

12.12.12 - ja det er jo ein praktisk dato til så mangt. Så i dag synes eg at oppskrifta i kalenderen burde vera litt artig.




Sikkert fleire med meg som huske Pacman. Ein god klassikar som aldri kjem til å gå av moten. Oppskrifta finn du her!

Ellevte luke

Eg trur eg kan klassifiserast som verdens dårligaste garnslankar! For dei som har fulgt årsrekneskapen min over garnkjøp- og bruk i 2012, så var jo målet mitt når eg starta i januar å minska garnlageret ned til rundt 50 kg. Eg starta på vel 68 kilo, og etter ei lita grovrekning i dag kan eg konkludera med at målet om 50 kilo er fjernare nå enn når eg starta. Faktisk så klare eg heller ikkje å komma under 100 kilo til nyttår. Totalt garnlager er per dags dato på over 106 kilo. Riktig nok mjuke, herlige, fargerike nøster som eg ikkje ville vore foruten, men seriøst, 106 kilo!! Blir ein del volum av det..
Som ei mager trøst så kan eg klappa meg litt på skuldra over at eg ikkje har kjøpt noko særleg garn på over ein månad. Kan det kallast eit skritt i rett retning?

Men, nok sukking og himling med augene over min håplause garnmani, me har ei kalenderluka å opna. Ellevte dagen i desember, og vi skal innom Marte Helgetun sine elegante verk. Her er det mykje fint å finna, og ein ganske "ung" stil over plagga. Likar at ho brukar strukturmønster i staden for mønster med fleire fargar, det gjer plagga tidlause og elegante.


Oppskrift på halsen kan du laste ned her!




mandag 10. desember 2012

Tiande luke

I dagens kalenderluke har eg leita litt tilbake i arkivet og funne ein herregenser. Det var ymse å velg i, av typen lysegul og lyseblå med breie skuldre og 80-talsmønster. Klarte å stå i mot desse då, og valgte heller eit ganske klassisk mønster som kan minna litt om eit anna mønster som har vore i vinden i det siste.


Drops har lite å visa til på herresida samanlikna med damene, men ein del av genserane dei har er veldig fine. Oppskrifta finn du her!



Så har det jo vore andre søndag i advent, og kvar søndag trekke eg ut ein av mine trufaste følgerar som får ei lita adventshelsing. Denne gong vart Marit trukke ut, så ein liten pakke kjem din veg!

Det er fortsatt to søndagar igjen i advent, så vil du følga bloggen min er du med i trekninga!







søndag 9. desember 2012

Niande luke

Så var me alt komt til andre søndag i advent, og dagen har eg brukt på å innta svigermor sin nydelige mat. Må vera min favorittsøndagsaktivitet:) Ungane har kost seg på aking, og eg har kikka litt på ski og fått strikka et par omgangar. Kunne nok gjerne sett at eg hadde fått strikka meir, men den velsmakande hjortegryta med påfølgande dessert og så lappar gjorde at eg låg meir eller mindre medvitslaus på sofaen etterpå.


Hadde meg et skikkeleg raid før helga og fekk endeleg teke bilde av litt ferdige småting og lagt ut i Eplabutikken min. Tar alltid litt tid frå ting er ferdige på pinnane til det kjem knappar og band på plass. Montering og trådfesting er den kjedelige sida ved strikking, men veldig kjekt når det er gjort. Og ikkje minst så blir det så mykje ryddigare i strikkeveska!








Så var det kalenderluke for 9. desember. Og i dag har eg vore innom ull.no. Denne lunande saken må vera perfekt over skuldrene, og kjem ikkje i vegen for hverken blogging eller strikking.
Oppskrifta kan du laste ned gratis her!

Eg skal også trekka ny adventsvinnar blant følgerane mine, så vil du vera med så legg deg til som følgar!

 
 
 
 

Åttande luke

I går fekk eg endeleg surra meg til å sy knappar i ein babyjakke eg har hatt ferdig ei stund. Garnet er eit herleg alpakkagarn frå Pickles som eg ikkje klarte motstå på grunn av den nydelege grønfargen.




Oppskrifta er også frå Pickles, men eg har ikkje brukt garnet som står. Syntes likevel resultatet blei bra, mjukaste garnet eg har strikka med på lenge. Denne gongen hadde eg ikkje så mange avvik i forhold til oppskrifta, men eg strikka armane noko kortare enn det som stod. Rett og slett fordi armane på babykler alltid er for lange.


Herleg å kunna ta bilder i snøen - fint "lerret" for å få fram rett farge.

Det er lite montering på jakken, hurra for raglanfelling, men eg måtte ha litt fagleg bistand for å sy fint saman under armane. (Takk Zirkona) Til neste gong veit eg at eg ikkje skal fella av, men setta maskene på ein pinne og heller maska samen under armane. Alt er bedre enn å sy, og samanmasking har eg kontroll på, meir enn eg skal påstå når det kjem til sying!

Dei fine treknappane frå e-bay kom også til sin rett her, og gjer faktisk jakken egna til både guttar og jenter.




Så var det kalenderluka for i dag, med inspirasjon og oppskrift henta frå Sandnesgarn. Syntes det var på tide med noko lett og lekkert, og ein dekorativ hals gjer seg i desse kuldetider. Ikkje minst kan ein her leika seg med fargar og dekorative knappar. Oppskrifta finn du her!





fredag 7. desember 2012

Sjuande luke

Me har alt unnagjort den første veka i desember, og på timeplanen har det vore både juleavslutning, julegrantenning med nisse og graut, og pinnekjøtmiddag. Men julestemninga, nei den let visst venta på seg.

Når me opnar dagens luke i kalenderen hamnar vi hos jentene i Pickles. Dette er ein nydelig nettbutikk, og i tillegg har dei lagerbutikk i hovudstaden. Eg har handla mykje her, både garn og spesielt oppskrifter. Veldig greit når ein handlar oppskrifter, dei kjem nemlig på e-post. Ingen venting på postgang.

 Dette tjukke, mjuke teppet hadde så friske fargar at det var ei fryd for auga. Mønsteret finn du her!




Sjette luke

Luka for desember sin sjette dag kjem nokre timar forseinka. Grunnen er ganske enkel, minstejenta har hatt spysjuka. Og når du bare er 1,5 år, så er det litt vanskelig å gi beskjed før det kjem. Med andre ord, det kan plutselig havna både her og der. Dagen gjekk dermed med til vasking av spy frå ulike gjenstandar, klesplagg og personar!

I dag er det eit par fine tova tøfler som ein gjerne kan strikke i venninnegave eller til mormor som frys på beina. Eller ein kan rett og slett strikka dei til seg sjølv, sidan det ofte blir kaldt å sitta lenge i ro og strikka.
Oppskrifta passar ekstra godt sidan det ut året er tilbud på alt alpakkagarn hos Drops, og i tillegg har ein her sjans å verkeleg la fine knappar komma til sin rett!


Oppskrifta finn du her!


onsdag 5. desember 2012

Femte luke

Når eg har gjort ferdig et prosjekt og skal starta på nytt, så hende det at eg kjeme i et lite kreativt vakum. Eg har så masse eg må, bør, vil og skal laga at eg ende med å bruka ein halv dag på å surra rundt meg sjøl for å finna ut ka som blir neste prosjekt på pinnane. Ein sånn kveld var det i går.


Kan me kalla dette kreativt rot? Om ikkje anna så fekk eg nå rydda litt i håndarbeidsveska/kroken, plukka utav banderolar til brukte garnnøste og samla pinnar i mapper. Men noko nytt prosjekt har endå ikkje komt på pinnane. Kanskje eg klare det i kveld? Innimellom mandarineting og klesvask...

*********************************************************************************

Men, det skal åpnast ei kalenderluka i dag og. I dag besøke me ein sjarmerande, liten krabat av rasen vinsau, frå Gjestal. Syntes denne var såpass søt at den fortjente å komma fram i lyset. I tillegg er det ein kjapp ting å laga, garnet får ein tak i over det ganske land, og det er ein super julegave. Mønsteret finn du her!











tirsdag 4. desember 2012

Fjerde luke

Plutselig var det bare 20 dagar igjen til jul. Så lang som desember var når eg var 5 år, og nå rase den avgårde i et utenomjordisk tempo! Målet må vera å klara skru ned tempoet litt nå, og ta seg tid til å nyta den flotte førjulstida.

I mårå må eg prøva få tatt bilde i dagslys av dei siste tilskudda mine på strikkefronten. Ikkje minst for å oppdatera årsrekneskapen min. Eg lovte jo trufaste leserar ein liten "vareopptelling" i starten av desember for å sjå kor ille det stod til.. Klare eg å komma under 100 kilo på garnlageret før nyttår?
Kanskje nokon vil tippa kva vekta ved årsskiftet vil bli?

Så var det fjerde luke då...



Sidan eg føle eg har ruga veldig lenge på noko tjukt tovegarn, så må denne oppskrifta på sitteunderlag på banen. Det går kjapt å laga, ein får brukt store mengder garn raskt, det er fortsatt mulig å rekka laga det til jul og ikkje minst, det kan komma til nytte hos både store og små!

Oppskrifta er gratis og henta frå Sandnesgarn, så ingen trur eg drive å kopiere ulovleg.

mandag 3. desember 2012

Tredje luke

Nå har eg akkurat 20 minutt på meg før det er blitt 4. desember, så det var på hengande håret eg rakk å få med luke nummer tre. Hadde julaften kanskje komt ein dag seinare om eg ikkje var i rute innpå her? Neppe, så best å følga med i svingane.

Grunnen til forsinkelesen er at dataen min har vore på styremøte i Bondelaget i dag. Men no, 13 minutt før midnatt får du dagens luke, denne gongen frå Garnstudio.

Mange små jenter skal antagelig ha ermelaus finkjole på seg i jula, og så langt nord kan det ofte bli kaldt. I alle fall viss ein skal stikka nasen utfor døra og kikka etter Nissen.





I florlett garn blir denne boleroen ein fryd både å sjå på, og ikkje minst ha på. Ved å strikka inn nokre glasperler i kanten så blir det eit retteleg stasplagg. Oppskrifta finn du her!





søndag 2. desember 2012

Andre luke

Herlig søndag i dag. Kvitt snølandskap ute, fyr i ovnen og pinnakjøt som laga julelukt i heile huset.

Eg vakna kvart over 7, men hadde ingen mann ved siden av meg. (For dei som lure så pleie eg ha ein mann som sove i sama rommet som meg.) Kikka inn til minstejenta om han var der, kikka på badet og kjøkkenet, men nei. Eg var heilt aleina. Så kom eg til å kikka ut, og såg at det var komt snø i natt . Dermed var det ikkje vanskeleg å vita kor han var - brøyting.




Fekk så fine tags i posten her om dagen, bestilt på etsy. Kunne jo ikkje la vera å falla for desse med så fine sauer og ikkje minst garnnøster på. I tillegg fulgte det med håndlaga kort med koselig takk-for-handelen helsing på.




Så til dagens luke i kalenderen! Denne gongen frå Viking garn. Dei søtaste tova musetøflene,  og oppskrifta finn du her. Med små endringar i farge og øyrer så kan desse også enkelt bli grisetøfler!


Bilde henta frå Viking Garn



Eg lova jo og ei lita overrasking til ein av mine følgerar på kvar av dei fire søndagane i advent. Ser at endå fleire har lagt seg til som følgar på bloggen min, kjempekjekt. Og det er plass til mange fleire.
Den vesle pakken eg har laga til skal denne gongen til Vårsol! Du blei den uttrekte i dag!



lørdag 1. desember 2012

Første luke

Tenkte eg skulle laga ein slags julekalender på bloggen min. Den blir todelt, med blogg kvar dag der eg deler eit strikkemønster. I tillegg vil eg kvar søndag trekka ut ein av følgjerane mine som får ei overrasking i posten. Så vil du vera med så legg deg til som følgjar.

Dagens mønster er kjapt og enkelt å laga, du rekk det med god margin til jul. Mønsteret kjem best fram på lyst garn, så her ville eg styrt unna svart. Fint norsk alpakkagarn finn du her!


PULSVARMERAR MED HALVFLETTE


Garn:  1 nøste tynt alpakkagarn
Pinnar: Strømpepinnar 3 mm (Her kan du gå opp eller ned eit hakk på storleiken om du strikkar veldig stramt eller veldig laust)

Legg opp 52/56 masker fordelt på fire pinnar
Strikk to rette og to vrange i  5 omgangar. Neste omgang skal du laga halvfletter. Det gjer du ved å strikka den bakerste, altså rettmaske nummer to først. Strikk inn frå baksida av maska,  men utan å ta denne av pinnen. Strikk så den fremste rettmaska vanleg rett, før du tek begge maskene av pinnen samstundes. Dei to vrange maskene skal strikkast vanleg vrangt. Strikk slik rundt omgangen, for så å strikka vanleg to rett og to vrang 5 omgangar. Gjenta så halvflettene på den 6. omgangen att.

Gjenta dette 9-10 gonger, eller til ønska lengd. Strikk så ein omgang rett der du aukar to masker på kvar pinne ved å ta tråden opp mellom to rettmasker og strikk denne vridd rett. Dette for at pulsvarmerane skal liggja fint framover handa utan å strame.

 Lag vrangbord slik: strikk 1 rett vridd, 1 vrang omgangen rundt. Strikk slik i 6 omgangar før du feller laust av.

Ønskjer du ikkje vrangbord nederst, kan du strikka rillestrikk i staden for slik: 1 omgang rett, ein omgang vrangt, gjenta tre gonger før du feller laust av.

Bilde av alpakka henta frå wikipedia.

Ha ein fin første desember - håpar å sjå mange nye følgerar!



Det oppstod en feil i denne gadgeten