lørdag 1. desember 2012

Første luke

Tenkte eg skulle laga ein slags julekalender på bloggen min. Den blir todelt, med blogg kvar dag der eg deler eit strikkemønster. I tillegg vil eg kvar søndag trekka ut ein av følgjerane mine som får ei overrasking i posten. Så vil du vera med så legg deg til som følgjar.

Dagens mønster er kjapt og enkelt å laga, du rekk det med god margin til jul. Mønsteret kjem best fram på lyst garn, så her ville eg styrt unna svart. Fint norsk alpakkagarn finn du her!


PULSVARMERAR MED HALVFLETTE


Garn:  1 nøste tynt alpakkagarn
Pinnar: Strømpepinnar 3 mm (Her kan du gå opp eller ned eit hakk på storleiken om du strikkar veldig stramt eller veldig laust)

Legg opp 52/56 masker fordelt på fire pinnar
Strikk to rette og to vrange i  5 omgangar. Neste omgang skal du laga halvfletter. Det gjer du ved å strikka den bakerste, altså rettmaske nummer to først. Strikk inn frå baksida av maska,  men utan å ta denne av pinnen. Strikk så den fremste rettmaska vanleg rett, før du tek begge maskene av pinnen samstundes. Dei to vrange maskene skal strikkast vanleg vrangt. Strikk slik rundt omgangen, for så å strikka vanleg to rett og to vrang 5 omgangar. Gjenta så halvflettene på den 6. omgangen att.

Gjenta dette 9-10 gonger, eller til ønska lengd. Strikk så ein omgang rett der du aukar to masker på kvar pinne ved å ta tråden opp mellom to rettmasker og strikk denne vridd rett. Dette for at pulsvarmerane skal liggja fint framover handa utan å strame.

 Lag vrangbord slik: strikk 1 rett vridd, 1 vrang omgangen rundt. Strikk slik i 6 omgangar før du feller laust av.

Ønskjer du ikkje vrangbord nederst, kan du strikka rillestrikk i staden for slik: 1 omgang rett, ein omgang vrangt, gjenta tre gonger før du feller laust av.

Bilde av alpakka henta frå wikipedia.

Ha ein fin første desember - håpar å sjå mange nye følgerar!



3 kommentarer:

  1. Så gøyt, Jane!
    Her skal jeg følge godt med; det er jo herlig å få servert oppskrifter rett i fanget :))))
    Får jo lyst å lage laaaangt mer enn jeg får tid til!

    SvarSlett
  2. Ha monge takk, for koseleg kalender-tiltak!! Ønske deg monge koselege stunder i desember!

    SvarSlett
  3. Så kjekt dette var. Skal prøve å få med meg hver dag.
    Ønsker deg en fin adventstid. Her har vi fått snø idag.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten