mandag 24. desember 2012

24. desember - Julaften!

Så var dagen her, plutselig. Synes nettopp det var sommar og skuleferie, og så er vi snart til endes på året.
Så langt har vi unnagjort Snekker Andersen og Julenissen, Tre Nøtter til Askepott, grauteting, litt klesvask og fått pakkane i bilen. Nå er det siste etappen på Timmy Gresshoppes jul, og så får vi hiva på oss finstasen.

I den siste luka har eg funne ei av dei finaste oppskriftene Garnstudio har kome med til dame. Ikkje ofta eg synes dei har kome med nåke "nytt", men denne jakka skil seg ut i stilen, heilt klart!
Oppskrifta finn du her!






Så med det vil eg sei takk for alle som har følgd julekalenderen min, sendt meg kjekke kommentarar og delt bloggen min på ulike media. Håpar nokon kanskje har fått eit tips eller to som dei kan få prøvd ut i 2013!
Så var det siste vinnar som får ei adventsgåve av følgerane mine! Swissie, du blei fjerde og siste dame ut! Flott om du kan sende meg adressa di på ja-haara@online.no så kan eg få avgårde ein liten pakke til deg!

God jul!

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for fine kommentarer på bloggen min! Og for ein fin blogg du har. Mykje bra inspirasjon å hente her:)
    Ha ein fortsatt fin lørdag!

    SvarSlett
  2. Takk for mange gode strikketips i desember. -For ei nydelig jakke!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten