lørdag 30. november 2013

Strikka prototype

Nokon har meir dilla på jul enn meg, og startar julegåveutsendinga i slutten av september. Så kven klarar då å halda fingrane av fatet heilt fram til 24. desember? Eg har i alle fall opna, men med givaren sin tillatelse, og oppfordring faktisk.


Zirkona, som tydeligvis er fyllt til randen av gode idear og design, har altså laga denne her til meg! Det versta var jo at ho sendte bilde undervegs, når ho holdt på med mønsterstrikken, og trass i det så skjønte eg lite når eg opna pakken og det låg to små restar av tråd: lillla og kvit. Men kva i all verda ho meinte med at det var eit hint, med to små tråddottar, det fekk eg liksom ikkje til å henga på greip. Jaja, tråddottane la eg i strikkekorga, og julegåva blei lagt vekk. Eg fatta ikkje kor dama ville med dette.
MEN, når eg opna pakken, då skjønte eg det jo... Tippe ho har flira godt når eg, etter kvart ganske frustrert, har mast om kva i all verden dei to trådane skulle bety!



Eg har jo ei mappe til strikkepinnane mine, men her får eg jo også plassert så mykje anna! Det er god plass å festa nåler, maskemarkørar og flettepinnar.


Og i kvar ende er det ein god lomme. Mappa kan også hengast opp etter knappholet.


Den grå innsida er i ullfilt, i følge designaren sjølv er det strikka og tova. Det er nesten vanskeleg å tru, for eg kan ikkje sjå at det er sydd på og det virkar filta, som vadmel. Ytterlegare spesifikasjonar får de ta med designaren, eg skjønnar ikkje opp og ned på dette her, ingen avslørande saumar eller stygg "vrangside" der syndene er skjult:)


Eg gler meg litt ekstra til garnkroken nede er ferdig, då trur eg denne strikkepinnemappa skal få ligge til utstilling. Faktisk er den så mjuk at den nesten kan fungere som pute i stolen. Det må seriøst testast!
Tusen, tusen takk for ein fin og unik presang!

torsdag 28. november 2013

Håp for komande generasjonar

Eg satt og såg på barne-tv med yngstejenta i går, og no trur eg verkeleg det er håp for kommande generasjonar! Det var nemlig tegnefilm om garn!!! Dette kallar eg kvalitets-tv!!



På pinnane mine er det nå komt eit nytt par med sokkar, denne gongen gråmelerte i Treskogarn. Merkeleg nok så virka dette garnet litt tynnare og blei meir elastisk når eg strikka med det, samanlikna med det blå Treskogarnet.


Og så er det på tide å begynna å visa fram gangen min. Eg må sei at til å var så utruleg lite interiørinteressert som eg er,  så har eg klart meg over middels bra. Blei jo klam i hendene, kaldsvetta og fekk hjertebank når eg måtte velga ut tapet. Skjønne ikkje folk som pusse opp bare for gøy, eller for å bytta farge. Seriøst, sikker at eg hadde skyhøgt blodtrykk i fleire dagar...
Då får me visa gangen som den var...


                                                            ...mørk dør, uten vindu...


...vegg og dør ned til trappa. Rimelig mørke veggar.


Og sjekk nå da!! Her trengs knapt ord! Både dør og vegg vekke, og ny trapp på plass. Snasigt!


Superfornøyd med den nye døra mi. Sleppe inn masse lys, men sidan alt glaset er frosta er det lite innsyn. Kan springa rundt naken så mykje eg vil uten at naboane ser det... (Vil her presisera at det er ytterst sjelden det skjer..)

Fekk forresten eit superlurt tips frå Byggeriet i Uskedalen, som har vore så snille å setja inn døra til meg. For å vedlikehalda den, så kunne ein bona med bilvoks! Den hadde eg ikkje tenkt på. Men alt som gjer at eg kan utsetja maling og vedlikehold er hjarteleg velkoment!

Nå er det velfortent strikketid her, lubbestrikk!

tirsdag 26. november 2013

Den kvite tornado

Nå har dei flinke karane frå Byggeriet her i Uskedalen slava og slite i fleire veker for å gjera denne damen fornøyd.


Sjølv om damer sjeldan blir 100% fornøyd, så må eg jammen sei meg rimelig nøgd gitt... Eg har i alle fall fått meg ein sinnsjukt mykje finare gang enn eg hadde! Det gjenstår ein del vasking før eg kan visa det fram her, men ein liten sniktitt kan dåke få. Her er nemlig den gamle trappa mi..


Og her er den nye!! Ser strøkent ut, ikkje sant!! Eg har til og med fått meg eit kott under trappa, i staden for hybelkaninfarm. For sannheten er, at med åpen trapp er ikkje
tomrommet under trappa stort anna enn tumleplass for hybelkaninar!


Det må nok ein kvit tornado til før eg kan visa fram ein ferdig vaska og innreda gang, men det kjem, det kjem..

I dag klarte eg heller ikkje å motstå fristelsen til å bestilla meg litt garn. Prøve å komma meg etter skuffelsen når Høgre-regjeringa likevel ikkje gjer nåke med verdigrensa på netthandel frå utlandet. Så mykje meir garn ein får for 1000 kr....
Men, i dag klarte altså nyhetsmailen frå www.yarn.com å freista meg. Prøve jo begrensa meg, men merkeleg nok klare eg aldri å halda meg under den der 200-kroners grensa. Så blir det litt ekstra til staten også denne runden.

Garnet som havna i korga mi denne gangen var blant anna dette. Eg er alltid på utkikk etter nye, endå mjukare skattar, og denne ser jo lovande ut.

søndag 24. november 2013

Rar fasong

Eg er fullt klar over at trendar og motar endrar seg med tida, men nå begynne eg verkeleg å lura på om fasonger på babyar også har forandra seg markant.


Kjøpte nokre kjekke babyhefter som truleg er frå slutten av 90-talet. (Sjølvsagt på ein av desse fb-sidene for gamle hefter og oppskrifter.)


Det er mange rare fargekombinasjonar, og enkelte modellar er litt snåle, men denne her dressen må vel ta kaka?!?



Får håpa at ingen har små barn som passe dette seilet her, for den er jo meir som ein vaksen herregenser på midten!



Lilla raggsokkar til dame er ferdig. Gjekk jo fort når eg fekk tak i garn. Ein ufo mindre!!

lørdag 23. november 2013

Eg trudde... men det var kje godt nok!

Et par halvferdige damelubbar har lege nede i strikkekorga over tid.  Og ferdige blei dei ikkje, eg mangla garn. Detta å gå tom for garn skjedde aldri før, trur det er Linda som har smitta meg.


Eg var heilt skråsikker at eg hadde tre nøster med dette raggegarnet, men når eg ikkje fant meir enn to i strikkekorga oppe, måtte eg ned på garnrommet å leita. Og det er i sånne situasjonar eg er sjeleglad for den enorme jobben eg gjorde med å sortera alt garnet mitt og samla dei ulike garntypane i samme kasse. For å begynna leita gjennom 160 kilo garn for å finna eit stakkarsleg nøste, det er nesten verre enn jakten på den berømte nåla i høystakken.


Men, til tross for endevending i heile 60-liters kassen med raggegarn, ingen lillamelerte var å finna. Så då må det garnhandling til for å gjera ferdig. Eg er egentleg ikkje vond å be, når alt kjem til alt. :)


Kom over eit artig bilde på facebook her om dagen. Det nærmar seg jo jul, og hunden til bror min må jo også få presang. Gjukon, som er sporhund og blir brukt til ettersøk på hjort, har jo fått strikka plagg av meg før.
Og dette hodeplagget her må jo vera midt i blinken. Både for å halda øyrene varme, og ikkje minst med tanke på å kle seg passande når han er på ettersøk. Spørs vel om eigaren er enig...

torsdag 21. november 2013

Ein god idè

Eg har ein mann som stort sett oppholde seg i ein gravemaskin. Viss han ikkje er der er det fordi han kjører traktor eller sove.
Eg derimot kjører hverken gravemaskin eller traktor, og kunne helst tenkt meg å brukt endå meir tid på strikking og garn. Med andre ord, vi er ikkje så flinke å gjera ting saman. Men, no har eg funne løysinga, sjekk her!!



Kanskje ikkje så matnyttig, men her er det snakk om å møtast på midten:)

På pinnane har eg fortsatt lubbane med forsterka hæl. Blei lite strikking på meg i går sidan eg havna på legevakten med yngstejenta. Bare krupp, heldigvis, men eg kjenne nå når me er starta på andre våkenatta, med lufteturar ut, at ei god natt søvn hadde gjort seg. Innbilte meg at krupp gjekk øve på nokre timar ei nattestund eg, ikkje at det drøyde ut i fleire dagar.


Og så fekk eg meg den ultimate nedturen i kveld. Skikkelig på felgen etter å ha hatt ein hostande toåring på fanget heile dagen, samtidig som eg skulle hjelpa eldstemann med lekser og vaska litt klær, så sende eg maen på butikken for å handla Nøttegodt! Mens han var på butikken stod eg ute med toåring og drømte om dei herlige sjokoladetrekte nøttene eg skulle kosa meg med i eit lite ledig sekund. Men ka kjem han heim med?? Joda, ein megasvær pose med nøttemix, ulike nøtter blanda med rosiner. Ikkje eit snev av SJOKOLADE!!!
Og då var klokka to minutter over stengetid... 39f*&%u*8636"##+0ge6%%4!! (Sensurert)

Så nå sitte eg her og lure på om kanskje litt garnsnoping hjelpe? Tips om lekre, snedige, fristande, spennande nettbutikkar med garn tas i mot med takk.

Knæsj

Lenge si eg strikka ferdig dette horrible akrylskjørtet, men som nemd før, så er eg litt treg med bilder. Garnet blei kjøpt i Los Angeles, og det var fakisk han eg dele huslånet med som insisterte på at det nøstet bare måtte eg ha. Og då blei det akryl med heim. Det er vel fire år sidan, så med tanke på den bølga med flashgarn som rullar over landet nå, var eg jammen tidleg ute!


100 gram holdt akkurat til et miniskjørt i str 3 år, og et par leggisar. Skjørtet skulle jo egentlig bli ei hua, men etter å ha strikka eit par cm såg eg at den blei alt for vid. Då måtte planane forandrast litt, og kven hadde trudd at dette var planlagt som noko anna? Sitte jo som støpt!


Madel stilte opp som modell. Ganske motvillig til å ta det av seg igjen. Kan jo skjønna at ungane likar denne knæsje fargekomboen, og til svart tights var det ikkje så ille... sånn egentlig...

tirsdag 19. november 2013

Eit blad her, og eit blad der....

Ja, det er ikkje bare garnlageret som kan voksa her i huset...


Denne haugen er det som hadde hopa seg opp frå dei siste 2 månadane i strikkekroken, ikkje alle innkjøp var like overvegd og fornuftige. Håpar verkeleg at det er andre som er like ille....


Dette bladet såg så forlokkande ut med spreke barnemønster på framsida. Men, dei var ikkje så spreke etter neste augekast, så dei reiste med papiravfallet i lag med all reklamen...


Dette heftet derimot, var faktisk ein liten opptur. Hjulet eller kruttet er ikkje funne opp på ny her, men ein fin blanding og balanse av ulike mønster og oppskrifter - både i stil og vanskelighetsgrad.


KK fleska jo også til med eit eige strikkebilag. Eg kaste jo aldri eit blikk på KK ein gong, og det var ei melding frå min strikkementor Zirkona som gjorde meg oppmerksom på det. Rett i handlekorga med det, og det var eit annleis, men bra opplegg. Fleire Picklesoppskrifter, og stilen er ung og trendy på det dei har valgt ut. Truleg kan detta verva nokre nye strikkerar!


Og Strikkemagasinet dukkar jo trufast opp i postkassen min. Synes kanskje det har tapt seg litt i det siste. Meir og meir store plagg, mens dei smarte småplagga har forsvunne. Men det eg likar med dette magasinet er at dei også har oppskrifter i litt store størrelsar. Som i tillegg er ganske flatterande, ikkje kvardagskost!

Eg vil gjerne understreka igjen kor "farlege" sånne kjøp/salg-sider innan håndarbeid er. Kjempesmell!


Abbonerar jo også på eit par engelske blad, utan at eg nokon gong har strikka ei maska etter engelsk oppskrift..


Let`s Knit begynne få veldig mykje reklame, minnar om Simply Knitting som stort sett berre er reklame og annonser.  Og så er jo alt av genser og kjoleoppskrifter med masse montering. Dei har endå ikkje skjønt at det går så det grine å strikka ein kjole eller genserbol på rundpinne!


....så komme jo Interweave Knits med sine elegante mønster. Oversikteleg og ryddig blad. Virke ikkje overfyllt, og har passeleg med annonser.


Og jammen abbonere eg på et tredje engelsk blad Love of Knitting! Synes dette bladet er veldig flink å ha med fine herreoppskrifter, noko det ikkje bugnar av i norske strikkehefter.  Eg MÅ seriøst læra meg å strikka etter engelske mønster, ellers kjem dette til å virka veldig pinlig...


Men, viss nåken har tips om andre håndarbeidsblad eg absolutt bør ta ein kikk i, så tar eg gjerne i mot! Galskapen lenge leve...

mandag 18. november 2013

Forsterka hæl

Eg har strikka mange par sokkar opp gjennom åra, men aldri med forsterka hæl. Så då var det kanskje på tide?
Siden alt garnet mitt er utilgjengeleg under oppussingssjauen, og eg dermed ikkje kan finna noko å strikka inn som forsterkning, så måtte eg gjer det på ein anna måte. Hælkappen strikkar eg normalt i vanleg glattstrikk, no har eg gjort det slik:

Rettsida: Ta annakvar maske over på høgre pinne utan å strikke, dei andre strikkar du vanleg rett.
Vrangsida: Strikk alle masker vanleg vrang


Dette blei ein veldig tett og kompakt hæl, men eg ser i ettertid at den trekk seg meir saman enn vanleg glattstrikk. På neste par vil eg derfor legge til fire masker ekstra for at den ikkje skal bli for smal.



På kaosprosjektet går det stadig på fram, men ikkje klart for noko garnskap heilt endå nei...

søndag 17. november 2013

Lubbetid

Det hjalp jammen på strikkelyst og inspirasjon å ta ein liten opprydning i strikkekroken.
Eg er i gang med eit par sokkar, eller lubbar som det heiter på godt suldalsk. Hampsokkar i størrelse 44, julegavebestilling.


Har lagt opp på trepinnane eg handla hos Kinashop, og var litt spent på kossen dei ville oppføra seg etter at eg vaska dei. Jada, du leste rett, eg vaska dei...


Syns dei lukta så pussig når eg åpna pakken at eg la dei i zalovatn. Skulle jo bare ligga litt, men eg gløymte dei ut, så trur jammen dei låg nesten ein time. Etterpå fekk dei lufta seg i vinduskarmen sånn at eg verkeleg skulle bli kvitt all lukt. (Jada, eg er fisefin i nasen, andre hadde nok ikkje reagert i det heile!)


Første rundane kjentes dei litt håse ut, men garnet glei likevel godt. Var litt bekymra for at kvaliteten kanskje ikkje var den beste, betalte vel 149 kroner for 15 sett med strømpepinnar - ingen upris:) Men etter nokre rundar så er pinnane superglatte, det litt grove garnet har nok polert dei. Tenke at det nok ikkje har gjort skade på pinnane at dei fekk seg eit bad i Zalo.
Så her blir det lubbestrikking mens NRK si sportssending rulle på skjermen. Eg er i ekstase over at skisesongen endeleg er i gang. Det fins ikkje bedre underholdning når ein skal strikka. Te og klementiner høyrer også sjølsagt med.


....og julemagasin som pauselektyre?
Men her i dette bladet var det ikkje så veldig mykje strikkekos. Mange andre artige småprosjekt, innpakkingstips, pynting og mykje sømarbeid synes eg. Og då blar eg, med min syfobi, kjapt forbi. Egentlig så kan eg vel bare ned og finna julemagasiner frå tidlegare, stort sett det same som går igjen. Men klare eg å la vera kjøpa dei kvart år???
Nei da....

fredag 15. november 2013

Gamle mønster

I dag måtte eg ta meg sjøl i nakken å ta ein liten ryddesjau. Ingen vits å starta på nye strikkeprosjekt når strikkekroken ser sånn ut! For ja, rullegenseren er nesten ferdig, må bare ha litt Lindahjelp for å få sydd fint sammen under armane.



Oppi strikkekorga låg det sånn omtrent 18 rundpinnar lause, samtlige i 3mm tjukkelse og 40 cm lange. Og eg som trudde eg mangla sånne


Men, det som verkeleg trengtes å sorterast i, var ein del eldre strikkeblad og mønster eg har kjøpt dei siste månadane.


Alltid litt sjansespel når ein kjøper sånne ting på nett, ein får jo ikkje bladd i dei, men eg var veldig heldig og samtlige var i veldig bra stand.




Nokre av hefta hadde eg, ulik framside gjorde at eg blei "lurt" til å tru at eg ikkje hadde det.


Men her skjuler det seg mange skattar mellom to permar. Nydelige strikkeoppskrifter, og ikkje minst gode tips og råd. Dei er egentlig dei beste.


Strikke Ess var jo verkeleg ein tungvektar på mønsterfronten på 50 og 60-talet, og desse to her må jo vera ein liten kuriositet... Dei aller første medlemsblada, første årgang i 1955.


Men, ein kan ikkje samla på alt, og i alle fall ikkje dobbelt opp. Så eg har faktisk lagt dette ut for salg på ei side på fb. Slike ting må eg jo syta for hamnar i hendene på verkelege strikke-entusiastar!

Så nå, med ryddig strikkekrok, klare eg kanskje samla meg nok til å starta på et nytt strikkeprosjekt...
Det oppstod en feil i denne gadgeten