tirsdag 5. november 2013

Strikkekafè for Sykehusbarn

Med litt kjapp organisering og god hjelp frå ei særs bakedyktig dama oppi dalen, klarte me jammen koka i hop ein strikkekafè på eit par dagar. Og sjølv om det ikkje vart annonsert, så kom det 25 strikkeglade sjeler mellom 9 og 80 år. Så kjekt å laga til når folk stiller opp, blide og fulle av strikkelyst.



Siden eg ikkje klarte å ordna nokon til å selga garn denne gongen, så måtte me jo gjera noko anna for å underholda damene. Då blei det lotteri. Fekk flotte premiar frå Spar Uskedalen, Gro`s Blomster, Porselensbuo og ikkje minst Pickles som sendte ein svær bokpakke! Tusen, tusen takk. Og pengane, ja dei går sjølvsagt til Sykehusbarn. Det nærmer seg jo jul, og då tenke eg at pengane kan komma godt med.


Rakk ikkje strikka så veldig mange rundane på genserarmen i kveld, men triveleg var det. Kanskje rekk me ein strikkekafè til før julastria heng over oss. Kanskje, kanskje.... Vår lokale journalist var i alle fall innom, bare les her!
 

2 kommentarer:

  1. Snille deg, jeg er en av de mange som hat fulgt Ylva en god stund og nå er reisen over...det gjør så usigelig vondt på vegne av foreldrene..og meg selv gir det en utrolig takknemmelighet over at jeg selv har 3 friske barn ...

    SvarSlett
    Svar
    1. har fulgt skal det selvfølgelig stå..

      Slett

Det oppstod en feil i denne gadgeten