lørdag 23. november 2013

Eg trudde... men det var kje godt nok!

Et par halvferdige damelubbar har lege nede i strikkekorga over tid.  Og ferdige blei dei ikkje, eg mangla garn. Detta å gå tom for garn skjedde aldri før, trur det er Linda som har smitta meg.


Eg var heilt skråsikker at eg hadde tre nøster med dette raggegarnet, men når eg ikkje fant meir enn to i strikkekorga oppe, måtte eg ned på garnrommet å leita. Og det er i sånne situasjonar eg er sjeleglad for den enorme jobben eg gjorde med å sortera alt garnet mitt og samla dei ulike garntypane i samme kasse. For å begynna leita gjennom 160 kilo garn for å finna eit stakkarsleg nøste, det er nesten verre enn jakten på den berømte nåla i høystakken.


Men, til tross for endevending i heile 60-liters kassen med raggegarn, ingen lillamelerte var å finna. Så då må det garnhandling til for å gjera ferdig. Eg er egentleg ikkje vond å be, når alt kjem til alt. :)


Kom over eit artig bilde på facebook her om dagen. Det nærmar seg jo jul, og hunden til bror min må jo også få presang. Gjukon, som er sporhund og blir brukt til ettersøk på hjort, har jo fått strikka plagg av meg før.
Og dette hodeplagget her må jo vera midt i blinken. Både for å halda øyrene varme, og ikkje minst med tanke på å kle seg passande når han er på ettersøk. Spørs vel om eigaren er enig...

6 kommentarer:

  1. Steiki ta du er heldig. :) Mye du kan lage av den haugen med garn. :) Egentlig rart at du ikke hadde mere av den fargen du mangla. :)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  3. Oi sa min mann da han så bilda av alt garnet, er det noen som har vært her å tatt bilde?
    Herlig å ha litt å velge i;)

    SvarSlett
  4. Har du innfargingsnr. da. er det Mor Aases raggegarn? Jeg har noen nøster i lilla/grå.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er Treskogarn, og eg fekk heldigvis tak i meir:)

      Slett
  5. Sjå meg stemma da med garnmengden for tida, hm .... hm har nett skreve ein blogg om venting på Karisma, så lyge nok litt. Du kjeme nok i havn, skal du sjå, men eg kan ikkje hjelpa med det garnet.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten