onsdag 13. november 2013

Litt strikking i kaoset

Det er framleis kaos i heimen, men gledelige nye ting komme på plass kvar dag. Døra ut til gangen er fortsatt forsegla med tape, i håp om å unngå for mykje sagspon og søl inn. Synes nesten det ser ut som ei slik persiennedør frå 80-talet. Så med to rullar brun pakketape kan ein altså laga litt retrostil!


Må innrømma at det blir litt redusert klesvask om dagen, sidan eg nå må ut på terrassen, rundt huset og inn i kjellaren for å få satt på ein maskin. Med andre ord, det blir ikkje vaska kler etter at eldstejenta har lagt seg på kvelden. Eg er nemlig så mørkredd at eg ikkje tør gå ned då. Akkurat som ein pipestilk av ein tiåring på 35 kilo kunne redda meg frå så mykje. Men er ein mørkredd så er ein mørkredd.

Eg har så vidt funne fram nåke igjen frå den rotete strikkekorga. Denne evinnelige rullegenseren til Nøstebarn må eg jo klara få ferdig. I går kveld satt eg og slengte ut nåken heller saftige gloser for meg sjølv her, mens eg febrilsk prøvde få til ein fin hals. Eg lukkast ikkje.


I staden for å fella av til hals set eg maskene på ein hjelpepinne, då slepp eg plukka dei opp igjen når halslinningen skal strikkast. Eg plukkar likevel opp nokon ekstra masker der eg har snudd i fellingane, ellers blir det hol.
Sjølv om eg strikkar dei opplukka maskene vridd, blir det ikkje fint. Så nå klør eg meg i pappen her og prøve finna ut om det kan gjerast bedre og finare..
Eventuelt om dette garnet brenne godt på peisen! Time will show!

Så har eg jo sjølsagt snubla over ein ny butikk på nett, med islandsk garn, sjekk her!
 

2 kommentarer:

  1. Kjenner den følelsen med rot og oppussing på gang! Slik er det her i heimen og ;)
    Eit lite tips. Dei maskene du har tatt opp for å tette holet i snuinga plar eg å felle på neste omgang, synes det blir finast.

    SvarSlett
  2. Jeg brukte wrap-and-turn metoden på min halskant og syntes det ble veldig bra.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten