søndag 30. september 2012

Null garn - bare litt oppskrifter

Ikkje ein meter med tråd har eg feita opp garnlageret mitt med denne veka! Det fortenar ikkje bare eit, men sånn omtrent 43 klapp på skuldra. (Så bare fortrenger eg det faktum at eg har vore å snoka litt i nettbutikken til WEBS sånn at det truleg vil komma ein liten garnpakke neste veka)

Strikkebøker og mønster derimot, det ramlar det stadig litt inn av. Og siden eg ikkje kjøper eit einaste vekeblad med mindre det er eit bilag med strikkeoppskrifter stifta på, null Se & Hør og Her & Nå og sånne glansa saker, så har eg ikkje betenkeligheter med å stadig tilegna meg eit blad eller bok eller et aldri så lite mønsterhefte.




På den skumle verdsveven, der eg rota meg borti sida "Kjøp, Salg og Bytte av garn", kjøpte eg ikkje bare garn her for litt sidan. Damen med garnet skulle og selga fleire mønsterhefter og strikkebøker - ja takk, begge deler. Spirrevipstrikkboka var bare herlig, danskane har veldig masse bra på strikkefronten!




Så måtte eg jo sjølvsagt ha den nye Mariusboka. Artig lesnad, ikkje ei rein mønsterbok, men ein del historie kring Mariusmønsteret, bilder av artige variantar og fargekombinasjonar og så sjølvsagt mønster på den trauste genseren og nye spreke saker som trekk til ipad osv.








Har jammen fått strikka litt den siste veka og. Eit par små babybooties som skal avgårde til Telemark. Strikka i alpakka frå Sandnes på pinne 2,5.



Eit par sokkar i Lima er også klare. Eg hadde heilt gløymt kor fantastisk mjukt og godt dette garnet var - trur eg må finna meg fleire prosjekt der eg kan bruka dette garnet. Blandinga av ull og alpakka gjer at det blir utruleg mjukt, men ikkje "slafsete" på same måte som den reine alpakkaen blir. Mønsteret i leggen er påfuglribb. (Mønsterrapporten finn du i ein tidlegare blogg)




I går laga eg ein liten vest, str 1 år. Still going strong på Pickles sin Enkel Vest. Digge det mønsteret, så enkelt, men passformen er så god. Garnet eg brukte her fann eg i ei restekorg på Tjorven i Oslo. Ganske dyrt, sjøl på tilbud, men den tåkelilla fargen klarte eg jo ikkje gå forbi. Garnet hete Tiboodoo`s, er fransk og utruleg mjukt. 100% ull, må vera merinoull sidan det er så mjukt, og eg strikka på pinne 5,5.




Og så har eg fått festa trådar på to klutar. Ein i bambus og ein i Milk&Honey frå Viking.  Har jammen blitt nåken klutar etter kvart, men det er greit innimellomstrikk, og ikkje minst lett å putta i veska.


søndag 23. september 2012

Rota til alt vondt..

Det er noko som heiter at lediggang er rota til alt vondt, og det stemmer faktisk. I alle fall når det kjem til mitt heller fåfengte forsøk på å krympa garnlageret mitt.

For i går, mens eldstejenta var i bursdag, hadde eg og minste turboen heller lite planar. Det enda med ein impulstur på Europris og garnsalget der. Ja da, klarte ikkje å holda meg vekke, så 950 g garn blei med heim. Eg var rimelig kjapp med å få det oppi garnkista sidan eg så stolt hadde proklamert for mannen fredag kveld, altså under et døgn tidlegare, at eg hadde klart å styra unna garnsalg både hos Nøstenett, Drops og hos EUROPRIS! Hovmod står for fall er det visst og noko som heiter..



Litt usikker på blandingsgarnet med bambus, kva det skal bli. Men fargen var bare så nydelig at eg måtte kjøpa for å prøva. Eg var egentlig ganske overraska at garnhyllene der ute ikkje var reinska, med 30% rabatt hadde eg trudd strikkedamene i kommunen hadde gått berserk. Men til gjengjeld så er det mykje syntetisk garn, og det går som regel eg forbi i alle fall. Eg er slett ingen garnsnobb, handlar meir enn gjerne på både Nille, Europris og Sparkjøp så lenge garnet er godt og ikkje har store mengder av akryl eller polyester. Håpar i denne omgang at babygarnet skal vera brukande.


Så har eg altså gått på ein liten garnsmell, eller Linda-knipa som eg også velge å kalla det. Strikke på desse bambusklutane, og midt i ein stripete klut er eg tom for kvitt. Hjææææælp. Var sikker eg hadde mykje meir av dette.
Tomt på Porselensbuo der eg kjøpte garnet, eg har bare av den sandfarga igjen, alle mine garnhamstrande venner har kjøpt andre fargar enn kvitt, så nå sitte eg her med skjegget fullt av postkasse.  Viss nåken har ein liten kvast med kvitt Just Bamboo, så vil eg gjerne bli dets nye matmor snarast! Eg hatar nemlig å rekka opp, og ein skjeiv og rar klut er slett ikkje noko alternativ...




Til dei som vil sjå kor veldig garnlageret mitt krympe  auke, så ta ein kikk i blogginnlegget som eg har kalla Årsrekneskap 2012. Her legg eg pliktoppfyllande inn alt eg både handlar, får, lagar og gir vekk...  Kanskje det me kan kalla raude tal i den rekneskapen..

torsdag 20. september 2012

Desse skumle nettsidene...

Når folk seie at denne verdsveven er ein skummel ting, ja då skal eg jammen begynna å høyra etter.. For internett inneholde jo sååå mange fristelsar.. Garnfristelsar for å vera konkret.

Eg har stort sett klart å holda meg på mattå i det siste. Ikkje lot eg meg frista av Nøstenett sitt bursdagstilbud, heller ikkje Europris sitt garnsalg som pågår nå, eller Pickles si lagerrydding. Flinke meg har virkelig fått røyna viljestyrken. Men så er det dette facebook då.... Meldte meg inn i ei kjekk gruppe som kalte seg "Kjøp, salg og bytte av garn"...


Ja, treng eg sei meir? Nytt garn var plutselig kjøpt og 740 gram kunne plussast på i årsrekneskapen. Bomullsgarnet skal jo sjølvsagt bli klutar, og det raude med glitter har eldstejenta bestilt seg nåke i. Kanskje ei hua? Men dåke er herved advart, sida kan føra til garnfristelsar!
Innkjøpet er i alle fall ført inn i årsrekneskapen min, og nå er eg vel oppi 105 kilo...
For dei som har fulgt med på årsrekneskapen min på Norge123, så ligg den nå i et blogginnlegg her som heiter Årsrekneskap 2012.

I dag er den første skikkeloge haustdagen. Bare 6 grader, varmegrader fremdeles, men det litt skarpehaustdraget har komt i lufta. Regn og vind, masse gule blader og eg kan fyra i ovnen med god samvittighet.



Te og peissesongen er offisielt i gong, desverre er eg tom for den gode teen som Monica hadde med heim frå Danmark, men eg får høyra om ho ikkje skal på ferie igjen snart:)
Avdanka sommarblomar har måtta vika for haustrosa lyng på trappå.



 Men pasjonsblomsten min kan eg ikkje kvitta meg med ennå. Denne har eg overraskande nok klart å holda liv i i fleire månadar. Det er veldig ulikt meg. Vanligvis så har eg tatt livet av ting i løpet av eit par veker, til stor glede (vil eg tru) for den lokale blomeforretningen. Men denne sterke stabeisen har altså stått gjennom regn og kuling på trappå mi og blomstra i mange veker. Kanskje den må hospitera litt i et drivhus etterkvart for å sjå om eg klare få frukt på.


tirsdag 18. september 2012

Oppskrift på klutar

Eg får stadig spørsmål om desse enkle kjøkkenklutane eg strikke. Kva garn og kor mange masker osv, så då blir detta ein liten oversikt.
I Drops sine klutoppskrifter er det brukt Paris, men det synes eg blir alt for tjukt. Det garnet passar bedre til gryteklutar. For å få mjuke og gode klutar er Muskat Soft, PT Petunia, Mandarin Classic og melkefibergarn best. Desse strikkar du alle på pinne 3,5-4, alt etter om du strikkar fast eller laust.








Muskat Soft - 58 masker
Første pinne rett, så annankvar maske rett og vrang tilbake.
Gjenta til nøstet er brukt opp og fell av.




Muskat Soft - 60 masker
5 rett, 5 vrang, 5 rett osv, gjenta ut pinnen.
Tilbake strikkar du vrang over vrang og rett over rett.
Gjenta til du har 6 omgangar, bytt og strikk vrang over rett og rett over vrang.
Gjenta rutemønsteret til du har brukt opp nøstet.










PT Petunia - 58 masker
Riller - Strikk rett alle pinnar.











PT Petunia - 60 masker
Første pinne rett.
3 rett - 3 vrang- 3 rett pinnen tilbake.
Gjenta desse to pinnane.
















PT Petunia
58 masker
Dobbel perlestrikk.
2 rett - 2 vrang pinnen ut.
rett over rett og vrang over vrang pinnen tilbake.
Neste pinne strikkar du rett og vrang, vrangt over rett.
Gjenta bytte med rett over vrang - vrang over rett kvar andre pinne.






Just bamboo - 55 masker
Dette bambusgarnet var litt grovare så her gjekk eg opp til pinne 4,5 og litt ned på masketalet.
Og det å laga striper for å kvitta restegarn er lurt.
Her har eg ei rille i kvar farge, det gjer at eg slepp festa trådar, for eg kan dra med tråden over ein omgang utan at det blir stygt.







Les på nett at bambus var absolutt å føretrekka til klutar si det hindra lukt og bakterievekst. Garnet eg har prøvd, Just bamboo, er nydelig å strikka med, men favoritten til klutgarn må definitivt vera PT Petunia. Petunia har stort fargeutvalg, glir lett på pinnane og det deler seg ikkje så lett, noko som ofte er eit problem med bomullsgarn.





lørdag 15. september 2012

6000 besøk!

Eg er smigra - over 6000 har kikka innom min beskjedne strikkeblogg. Og det på ganske kort tid! Utruleg kjekt og det gir inspirasjon til å fortsetta knota ned strikkeerfaringar og garnkjøp!

Eg har strikka den siste veka og, men sidan det har regna i alle tenkelege vinklar, samt vore heftig vind, så er det lite bildemateriell å visa til. Får ikkje tatt bilder før minstejenta har lagt seg, og då er det jo nesten mørkt. Det blei i alle fall mørkt mens eg venta på at det kanskje skulle bli ein pause i regnbygene.(Kan det egentlig kallast regnbyge når det strekke seg over fleire døgn?)

Men eg har ikkje bare strikka og sett på regnet siste veka, eg har vore innom butikken. Og der dukke det jo stadig opp nye temahefter frå dei ulike vekeblada med strikking! O - glede! Blei jo ein liten nedtur med Allers si Småstrikkbok, men eg går jo på neste hefte med friskt mot. Og det blei slett ingen skuffelse.




Familien sitt strikkehefte er storarta. mange ulike modellar i forskjellige teknikkar, og både store og små plagg. Det er vel bare å konkludera med at Familien er best på håndarbeid. Fant fleire modellar som eg håpar å få på pinnane i løpet av vinteren. Løp og kjøp!




Ei bok dukka plutselig opp i hyllene og. Denne kom uventa, hadde ikkje sett annonsert eller omtalt nokon stad, så vips, den fekk bli med i handlekorga. Ei heilt grei bok, et par gode oppskrifter, men mykje grunnlegande om strikketeknikkar osv. som eg føle eg har nok skriverier om. Men, verdt prisen da, det er jo tross alt bilde av garn og pinnar og fleire bra mønster.

tirsdag 11. september 2012

Nydelig pakke

I dag låg det ein fin liten pakke i postkassen min. Ikkje heilt uventa siden eg faktisk hadde rota meg innpå ei sida og bestilt dette. For sjølsagt, det var jo garn. Ingen som er overraska vil eg tru.
Har aldri vore borti dette garnet, men lot meg fullstendig blenda av dei nydelige fargane og vips så var ein havna i handlekorga.




Ganske lekkert innpakka i silkepapir og med sløyfeband. Og slett ingen skuffelse når ein åpna opp heller. Over 400 meter, så det held til ei lita bukse eller ein babyjakke. Har slett ingen planar for garnet ennå, men nyte synet av dei fine ton-i-ton haustfargane..Minne om korn og plommer.
Vil du la deg frista så går du bare inn her..http://shop.phydeauxdesigns.com/



På pinnane har det stort sett vore klutar i det siste. Hadde kjøpt litt bambusgarn på salg på Porselensbuo, og etter å ha lest på nettet at bambus var bakteriehemmande og egna seg godt til klutar, ja så måtte det jo prøvast.





Fann fort ut at eg måtte opp i pinne 4,5 for at det ikkje skulle bli for tett og tungt, men utan å ha testa dei endå trur eg resultatet blei bra. Virke ikkje særleg tjukkare enn dei andre bomullsklutane som eg har brukt pinne 3,5 på, og Just Bamboo var veldig godt å strikka med. Litt båndaktig, men glei godt på pinnane.

søndag 9. september 2012

Garnet erobrar nye områder!

Det er kanskje begynt å bli ganske ille med garnsamlinga til hu mor her i huset, når altså leikene må vika. For i helga gjekk leikekassen i stova frå å vera leikekasse, til å bli noko så mykje nyttigare: Garnkasse!



Eldstejenta har fått nye møbler på rommet, og kunne då ha alt sitt der nere, og hu minsta trenge ikkje ha leiekkasse i sova når ho har leikegrind. Så då såg jo eg mitt snitt til å snika oppi ein aldri så liten garnpose, litt oppskrifter og stæsj som egentlig har lege OPPÅ leikekassen og gjort at ingen kunne komma oppi likavel. Må nok ta ein rydderunde oppi her, men enn så lenge står den posen godt der!





Nå ser jo stova mi mykje ryddigare ut sidan ting er oppi kassen istaden for oppå, og så sleppe eg dei veldig hjelpsomme fingrane til Madel oppi kvart einaste nøsta.
Ganske fornøyd med helgas innsats, har ikkje bare rydda utav leikekassen. Kan informera at det er slett ikkje spøk å rundvaska rommet til ein 9-åring med alt det innebere av rosa duppedittar og tant og fjas. Trur eg har fått glitter på både hornhinner og trommehinner, men nå er alt på plass og jenta sove fornøyd i NYTT rom.  Ho har til og med fått eigen garnkasse på rommet sitt, det syntes eg nesten var obligatorisk.


På pinnane er det fortsatt bare klutar, men trur eg nærmar meg enden på det nå. Planen var å strikka ein variant av Dortegenseren etterpå, men det blir slett ikkje i rillstrikk. Såg Skappelfruen sjølv på TV i går i den omtalte genseren, og synes den såg litt slafsen og rekande ut. Sikkert ein god kosegenser, men kossen ser an ut bak når du har sete godt i sofaen med an ei stund... trur eg må tenka litt her og laga min variant..

tirsdag 4. september 2012

Å stå i mot

Sit så fredfullt på jobb i går når det tikkar inn ei melding på mobilen: "Alarm, alarm.. -25% på alt hos Nøstenett - maks 50 kr i frakt!"
Og gjett om viljestyrken min fekk seg ein prøvelse. Nøstenett har jo både Drops og Sandnesgarn i tillegg til ganske mange kjekke knappar og duppedittar.
 Heldigvis var det ein supertravel ettermiddag med frisør for to stykke, lekser, middag og legging, så klokka var vel nesten 23 før eg logga på dataen...
Og eg klarte faktisk stå i mot!! Ingenting handla i innkjøpskurven!
Hadde veldig lyst å la meg frista av dei nydelige fine lyngfargane i Eskimo, (kostar tross alt BARE 15 kroner nøstet nå) dei passar nemlig ganske greit til eit par av oppskriftene til Pickles, men enn så lenge har eg klart å stå i mot... Puh, men det krev sin mann, eller kvinne, rettare sagt...

Vil du testa viljestyrken din så kan du jo kikka innnom: http://www.nostenett.no/
Eg skal klara stå i mot... trur eg....

lørdag 1. september 2012

Det er faktisk Lene sin feil...

Eg innrømme det med ein gong, eg har handla meir garn. Men er ikkje det første steget for slike avhengige? Å innrømma problemet? Hihi..
Fekk nemlig ei sånn koselig melding frå Lene i går, om me ikkje skulle ein snartur til Porselensbuo i dag sidan det var komt masse nytt garn. Eg er sjølvsagt med, til trass for at eg har nok garn fram til neste århundre og litt til.. Så i dag fekk fira nøster med Karisma bli med heim, samt tre nøster med bambusgarn.



Bambusgarnet skal eg bruka til klutar, leste på nettet i går at bambus hadde ein antibakteriell effekt så dei egna seg svært godt til klutar. Litt spent på korleis garnet er å strikka med sidan det har ein ganske bandliknande fasong.

Måtte og ta bilde av garnet eg handla i Bergen (Norwegian Spirit) sist veke så eg kunne legga det inn i Årsrekneskapsbloggen min. Litt uroa nå for at eg har passert 100 kg med god margin. Tør ikkje rekna over før eg har strikka opp litt meir.




Og så kom det jo ein sånn koselig overraskelse i posten her om dagen. Nydelig garn frå Jojoland og den søte knappeboksen i blikk. Og ikkje nok med det, oppi knappeboksen var det ein haug med merkelappar/tags, maskemarkørar og fine heklablomster i mine favorittfargar! Ein skikkelig
oppmuntring, tusen takk Zirkona!





Det oppstod en feil i denne gadgeten