torsdag 20. september 2012

Desse skumle nettsidene...

Når folk seie at denne verdsveven er ein skummel ting, ja då skal eg jammen begynna å høyra etter.. For internett inneholde jo sååå mange fristelsar.. Garnfristelsar for å vera konkret.

Eg har stort sett klart å holda meg på mattå i det siste. Ikkje lot eg meg frista av Nøstenett sitt bursdagstilbud, heller ikkje Europris sitt garnsalg som pågår nå, eller Pickles si lagerrydding. Flinke meg har virkelig fått røyna viljestyrken. Men så er det dette facebook då.... Meldte meg inn i ei kjekk gruppe som kalte seg "Kjøp, salg og bytte av garn"...


Ja, treng eg sei meir? Nytt garn var plutselig kjøpt og 740 gram kunne plussast på i årsrekneskapen. Bomullsgarnet skal jo sjølvsagt bli klutar, og det raude med glitter har eldstejenta bestilt seg nåke i. Kanskje ei hua? Men dåke er herved advart, sida kan føra til garnfristelsar!
Innkjøpet er i alle fall ført inn i årsrekneskapen min, og nå er eg vel oppi 105 kilo...
For dei som har fulgt med på årsrekneskapen min på Norge123, så ligg den nå i et blogginnlegg her som heiter Årsrekneskap 2012.

I dag er den første skikkeloge haustdagen. Bare 6 grader, varmegrader fremdeles, men det litt skarpehaustdraget har komt i lufta. Regn og vind, masse gule blader og eg kan fyra i ovnen med god samvittighet.



Te og peissesongen er offisielt i gong, desverre er eg tom for den gode teen som Monica hadde med heim frå Danmark, men eg får høyra om ho ikkje skal på ferie igjen snart:)
Avdanka sommarblomar har måtta vika for haustrosa lyng på trappå.



 Men pasjonsblomsten min kan eg ikkje kvitta meg med ennå. Denne har eg overraskande nok klart å holda liv i i fleire månadar. Det er veldig ulikt meg. Vanligvis så har eg tatt livet av ting i løpet av eit par veker, til stor glede (vil eg tru) for den lokale blomeforretningen. Men denne sterke stabeisen har altså stått gjennom regn og kuling på trappå mi og blomstra i mange veker. Kanskje den må hospitera litt i et drivhus etterkvart for å sjå om eg klare få frukt på.


1 kommentar:

  1. Kjempekjekt å lese bloggen din.
    Åja, freistingar finst det over alt. Du er ikkje åleine som plutseleg oppdagar at du vart fanga!

    Ha ein finhaustkveld med god varme, te og massevis av inspirerande garn! Eg reknar med det ikkje blir liggande ubrukt lenge....

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten