søndag 30. september 2012

Null garn - bare litt oppskrifter

Ikkje ein meter med tråd har eg feita opp garnlageret mitt med denne veka! Det fortenar ikkje bare eit, men sånn omtrent 43 klapp på skuldra. (Så bare fortrenger eg det faktum at eg har vore å snoka litt i nettbutikken til WEBS sånn at det truleg vil komma ein liten garnpakke neste veka)

Strikkebøker og mønster derimot, det ramlar det stadig litt inn av. Og siden eg ikkje kjøper eit einaste vekeblad med mindre det er eit bilag med strikkeoppskrifter stifta på, null Se & Hør og Her & Nå og sånne glansa saker, så har eg ikkje betenkeligheter med å stadig tilegna meg eit blad eller bok eller et aldri så lite mønsterhefte.




På den skumle verdsveven, der eg rota meg borti sida "Kjøp, Salg og Bytte av garn", kjøpte eg ikkje bare garn her for litt sidan. Damen med garnet skulle og selga fleire mønsterhefter og strikkebøker - ja takk, begge deler. Spirrevipstrikkboka var bare herlig, danskane har veldig masse bra på strikkefronten!




Så måtte eg jo sjølvsagt ha den nye Mariusboka. Artig lesnad, ikkje ei rein mønsterbok, men ein del historie kring Mariusmønsteret, bilder av artige variantar og fargekombinasjonar og så sjølvsagt mønster på den trauste genseren og nye spreke saker som trekk til ipad osv.








Har jammen fått strikka litt den siste veka og. Eit par små babybooties som skal avgårde til Telemark. Strikka i alpakka frå Sandnes på pinne 2,5.



Eit par sokkar i Lima er også klare. Eg hadde heilt gløymt kor fantastisk mjukt og godt dette garnet var - trur eg må finna meg fleire prosjekt der eg kan bruka dette garnet. Blandinga av ull og alpakka gjer at det blir utruleg mjukt, men ikkje "slafsete" på same måte som den reine alpakkaen blir. Mønsteret i leggen er påfuglribb. (Mønsterrapporten finn du i ein tidlegare blogg)




I går laga eg ein liten vest, str 1 år. Still going strong på Pickles sin Enkel Vest. Digge det mønsteret, så enkelt, men passformen er så god. Garnet eg brukte her fann eg i ei restekorg på Tjorven i Oslo. Ganske dyrt, sjøl på tilbud, men den tåkelilla fargen klarte eg jo ikkje gå forbi. Garnet hete Tiboodoo`s, er fransk og utruleg mjukt. 100% ull, må vera merinoull sidan det er så mjukt, og eg strikka på pinne 5,5.




Og så har eg fått festa trådar på to klutar. Ein i bambus og ein i Milk&Honey frå Viking.  Har jammen blitt nåken klutar etter kvart, men det er greit innimellomstrikk, og ikkje minst lett å putta i veska.


1 kommentar:

  1. Så mye fint du har strikket :)
    Jeg liker også å kjøpe oppskrifthefter. Skulle ønske det stoppet der, men kjøper alt for mange interiør blader....
    Ha en fin mandag :o)

    Lithe

    SvarSlett