fredag 30. august 2013

Bringebærrød

Nille har hatt et aldri så lite garntilbud - 3 for 2- og når eg tilfeldigvis var innom så.....
Ja, du kan jo tenka deg kossen det gjekk? Måtte nok bli med et par nøster heim. Det er liksom ein indre stemme som gjentar "godt tilbud - godt tilbud - godt tilbud" i garnsenteret av hjernen min.


Men, eg begrensa meg rimelig godt om eg må få sei det sjølv. KUN 3 nøster, og då altså eit av dei gratis. Det er så lite at det nesten er ingenting det jo. Har ingenting med at eg ikkje likar garnet dei har på Nille, men det har aldri blitt særleg mykje garnhandling der. Kanskje fordi det er litt traust?
Men, denne gongen måtte eg altså ha med et par nøster av den nydelige ceriserosa/bringebærraude fargen her. Trur ikkje eg har strikka med Senjagarn før, så det blir ei ny erfaring.
Garnet har eg faktisk ein plan for...

Og når eg likevel var i det bringebærraude hjørnet så slo eg til med ei lita kake. Dei som kjenner meg veit at det høyrer med til sjeldenhetene at eg bakar. Trur nesten solformørking og skuddår førekjem hyppigare enn at eg svingar sleikepotten. Men nå var det altså på tide med ei lita solformørking, og eg vart retteleg nøgd med resultatet. (Det er ikkje kvar gong, og er kanskje ein indirekte årsak til at eg bakar sjelden)


Enkel, kjapp, få fallgruver. Og faktisk endå bedre etter å ha stått ei natt i kjøleskapet, eller kva Monica? Oppskrifta fann eg i eit blad hos frisøren, så takk til Zjakk Frisør.

Garnkrise

Eg var heilt sikker at eg hadde putta 4 nøster Andes i veska før eg reiste til fjells. Eg sjekka derfor ikkje meir før eg la opp og starta på vest nummer to. Det skulle eg visst ha gjort.


For når eg kom heim og skulle strikka ferdig vesten var eg plutselig tom for garn. Eg endevendte alt eg hadde pakka ut, sjekka sidelommar og alle tenkelige smårom, men det har tydeligvis bare vore tre nøster. Eg var verkeleg tom for garn!


Han eg dele huslånet med meine at med over 100 kg garn i hus så er akkurat det komplett umulig. Men eg var altså tom for perlegrå Andes, og på dessa vestane går det ikkje an å juksa det til med andre garntypar eller fargar.
Men, ingen umiddelbar krise. Me har jo Strikkesida på Facebook. Og som regel så er det ein av dei 31400 strikkande damene eller karane der som kan hjelpa. Også denne gongen. Gjekk ikkje mange minuttane etter at eg hadde lagt ut garnetterlysingå før garnet omtrent var på veg.


Bare et par dagar etterpå låg det pakke i postkassen min! Tusen, tusen takk Elisabeth i Førde, som sendte garn sånn at eg kan få gjort ferdig vesten!


I dag blei det hverken gåtur eller nåke særleg med strikking. Naboen fann nemlig ut at det var ein fin dag å fyra opp et helsikes bål siden vindretningen stod rett mot huset mitt. Me blei bokstavelig talt røyklagt, alt av vinduer og ventilar måtte lukkast. I tillegg så dekka han terrassen, gardsrommet og trampolina til ungane med svære, svarte askeflak. Heilt ærleg så syntes eg at det var andre enn meg som burde stått og spylt trampoline og terrasse i kveld. Den tidå burde nemlig eg brukt på strikking:)
 Så nå skal eg prøva ta rådet frå Åshild om å laga meg ein stor kopp te, senka skuldrene, og strikka for å finna att kvilepulsen!

torsdag 29. august 2013

Eit evig rot...

Eg skjønnar ikkje korleis det går til. Synes eg ryddar stadig vekk, puttar på plass både oppskrifter og garn nede på garnrommet. Likevel så ser strikkekroken min ut som den har vore utsett for ein tornado. Kan det ha samanheng med stadige innkjøp av nytt garn og nye mønster?


Det versta er jo at det er god plass og temmelig tomt oppi kista. Ryddig oppi der til og med...


Eit av mine favorittstrikkeblad dukka også opp i postkassen her om dagen, Interweave Knits. Så utruleg mange lekre ting, og eg kosar meg frå perm til perm.


 
Likar veldig godt løysinga dei har med masse småannonser bakerst i bladet. Då kan eg sjekka ut ein masse nye spennande nettsider, i min evige jakt på nytt garn.

 
I dag har det blitt lite strikking, legens ordre. Men i morgo er eg sterkt tilbake på den fronten. Har begynt på ny jakke til Madel, endeleg. Får håpa eg kan retta opp krympefadesen min.

tirsdag 27. august 2013

H.o.h

Detta blogginnlegget bør vel strengt tatt dedikerast til fastlegen min, som faktisk gjorde det mulig. Med ein solid ekstradose med kortisoninjeksjonar kunne eg nemlig ta meg ein tur til fjells! Hurra!

Strålande vêr, sommarferie, ja det måtte jo bli ein tur på hyttå til pappa. Slikt er ikkje gjennomførbart kva tid som helst, men med litt planlegging og godvilje frå høgare makter kunne vi nyta nesten ei heil veka på Fonnastølen.


Sjølv om hytta er liten, utan innlagt vatn eller straum, så er det eit ferieparadis. Eg nyt kvar time der oppe, og det gjere jentene også. Ikkje noko sakn at det hverken er TV eller data der. Ludo, Yatzy, turgåing og fisking er nemlig mykje kjekkare.

Eg hadde satt meg som mål at eg skulle klara komma meg på Vinjarnuten i år. Det er 16 år sidan sist eg var der, og skal eg vera ærleg så var eg veldig usikker på om eg skulle nå målet mitt når vi var komne halvvegs. Det var eit slit, rett og slett, og etter tre år i stabilt sideleie er det jo ikkje rart kroppen protesterte litt.


Pappa hadde Madel i bæremeis, mens Victoria gjekk heile vegen sjølv. Madel tok seg lika godt ein kvil også undervegs.


Reinsdyr traff me også på. Tre bukkar har gått og surra rundt hyttetraktene i fleire år nå, men eg har aldri sett så store gevir på karane.


Etter timar med slit og strev nådde vi jammen toppen, alle 4! Fantastisk følelse å sitta der 1105 m.o.h å sjå "heim" på Folgefonna. Eg vurderte faktisk å pakka med strikketøyet bare for å kunne fotografert meg strikkande ved sidan av varden, men eg tok heldigvis til fornuft. (Så raud eg var i toppen kunne eg knapt takast bilde av.)


Turen ned var omtrent vel så slitsom som turen opp, men i ein ganske fremtredande lykkerus ispedd litt Kvikklunsjboost, så kom me oss nedatt til hytta. Heilt tomme for energi, gørrslitne, men så fornøyde med oss sjøl!

Så kom dagen derpå, og det var ingen fare for at det blei turgåing. Utruleg nok hadde eg ikkje gangsperr, men så kom eg på at ein må vel ha musklar for å få det...
Fortsatt litt utmatta vart det hyttekos og strikking heile dagen. Eg fekk strikka nesten ein heile vest i Misti, går radigt på pinne 5,5.


Men, turen til Vinjarnuten gav blod på tann, og fredagen bar det på tur igjen. Eg hadde sete på hyttå og sett på eit lite tre som stod heilt aleina oppå ein fjelltopp, og det såg beint fram litt uryddig ut. Dagens turmål vart derfor Symjånuten (856 m.o.h) med ei lita sag i sekken.

Laaangt ned til hytta.

Dette vart jo reine søndagsturen i forhold til onsdagens strabasiøse ferd, i alle fall til me skulle ned igjen.


Victoria førstemann opp!

Eg likar best å gå på snaufjell eller ein brukande sti. Sleip ur, tilgrodd med mose og bregner, bratt som fy, er derfor langt nede på lista over kjekke turterreng. Pappa meinte at det var ein gammal sti der, men den trur eg knapt har blitt brukt sidan vikingetida. Eg var ikkje sånn veldig blid på han for vegvalget, og utruleg lukkeleg når eg var nede att.

Jentene på Symjånuten

Litt spente var vi jo når vi kom til hytta og skua opp mot horisonten, hadde vi sagd ned rett tre?
Jepp, ingen buskvekster mot horisonten lenger!

Turkvoten min føltes med det ganske oppfylt, og eg brukte resten av hytteferien på favorittaktiviteten min. Strikking.
Endå ein vest kom på pinnane, denne i Andes frå Drops. Litt meir kompakt garn enn Misti, men den loar ikkje på langt nær lika mykje.


Eg fekk til og med lagt opp og starta på den tredje vesten, så ingenting å seia på produktiviteten høgt over havet!
Herlig ferie til fjells, men det var ikkje vondt å komma heim til dusj og mi eiga seng....

Faktaboks:
Fonnastølen ligg i Vekaheiane i Suldal
Vinjarnuten er 1105 m.o.h, og det fins garantert lettare vegar å gå enn den krongleura me tok.
Nedsaging av tre på Symjånuten kan i verste fall kallast tjuvhogst, får håpa grunneigaren aldri finn utav det.
Vestane er begge strikka med modifikasjonar etter Pickles sitt mønster på Enkel Vest.

lørdag 24. august 2013

Hipp hura!!

Dagen er på hell, men før me når midnatt er eg nødt til å gratulera ei flotte dama med dagen. Ikkje bare har den feiande fruen bursdag, det er også bryllupsdagen hennar. Så kjære, kjære Linda, gratulera så mykje med dagen - håpar den har vore strålande på alle vis!


I mønstersamlinga mi har det komt eit "nytt" tilskudd. Kom over dette herlige heftet her, sjølvsagt på ei fb-side med kjøp og salg av gamle mønster, og det bare måtte eg ha. Eg hadde det jo ikkje frå før, og hos meg er det argument meir enn godt nok.


Så sjarmerande modellar, både strikkeplagga og personane som er inni plagga. Så artig og sjå kor mykje som har forandra seg på dei åra, men framleis er ei rettmaske rett, og vrangmasker kjedelige å strikka.


Usikker på om eg kjem til å strikka nokon av desse modellane, men det er fleire element eg kunne tenkt meg å brukt i andre oppskrifter. Kos er det uansett, å kikka i sånne ting frå "hine hårde dage"....


fredag 23. august 2013

Æres den som æres bør!

Først må eg bare takka, bukka og bøya meg i støvet for alle rosande ord og hemningslaus skryt i sist blogg! Dåke veit verkeleg å få fart på sjølvtilliten til ei stakkars sjel!
Eg tek inn over meg all skryten for mønsteret, men eg må få understreka at uten konsulenttjenestar, tips og råd, samt sy og klippehjelp frå Linda og Zirkona, så hadde tunikaen enda som fyringsmateriale. Så send ein god tanke i deiras retning også, som redda eit synkande skip.


Etter den stressande opplevinga det var å koma i mål med sist prosjekt trengte eg noko enkelt å henta meg inn igjen på. Eit kvileskjær. Mamma hadde jo spurt så fint om eg ikkje kunne strikka gryteklutar til ho, like dei burgunder som eg laga på forminga i 8. klasse.

Eg gjekk i gong, og hadde faktisk ingen planar om å prøva gjera oppgåva meir avansert enn den var i 8.klasse. Bortsett frå at eg denne gongen valde å bruka to fargar.


Enkel rillestrikk med brun og lys Petunia, striper på eine sida og einsfarga brun på den andre. For mamma veit eg at funksjonalitet er mykje viktigare enn kor fancy det ser ut. Ho MÅ kunna ta i varme kakebrett utan å måtta bretta gryteklutane dobbelt, og dei må også vera så store at ho får skikkeleg tak på ting.

Meine eg la opp 50 masker på pinne 4, og strikka i veg til lappane var kvadratiske. Men, så skulle dei jo monterast i samen på et vis. Sy-angsten min kom tydeleg fram i lyset, og eg tenkte at det måtte jo vera ein finare og meir praktisk måte å få dei hefta i samen på.


Joda, det er ein lettare og finare måte. Ho heiter Linda, og er ein reser med heklenåla. Nesten før eg var ferdig med å beklaga meg over kor fælt det hadde vore å måtta sy dei samen, så var ho ferdig.
Og resultatet sit som eit skot - desse kjem garantert gjennom mamma-sensuren!


Faktaboks:
184 g Petunia gjekk med til to store, doble gryteklutar.
Petunia har ekstremt mange fine fargar, men er langt frå det beste garnet eg har strikka med. Tvinnar seg litt, og er litt laus i spinninga slik at ein lett deler tråden. Men med tunga beint i munnen blir resultatet bra.


....og mammo, ja hu var godt nøgd etter eg overleverte gryteklutane.

Et lite Mariusmareritt

Som eg skreiv tidlegare så måtte eg jo til med nokre kreative krumspring for å komma i mål med restetunikaen etter Mariusstrikkinga. Halvvegs på mønsteret gjekk eg tom for blått garn, og resten av rundfellinga måtte bli etter innfall- og fantasimetoden.


Eg var veldig redd for at det raude skulle dominere for mykje, og prøvde derfor snika inn ein god del kvitt. I tillegg så tøyde eg jo den siste meteren med mørkeblått så langt eg kunne, faktisk litt for langt. Eg måtte klippa av tråden som eg brukte for å legga opp, og skøyta den inn for å komma i mål på siste runden. Huff, mykje skrek og lite ull, tenk at eg måtte festa to trådar ekstra!!


Eg har kutta ganske mange omgangar i mønsteret, av fleire grunnar. For det første så blir den alt for høg i halsen på dei minste størrelsane om ein følger oppskrifta til punkt og prikke. Ein tunika med slik rundfelling blir finast om den ligg litt nede på kragebeinet, då klør den heller ikkje mot hals og hake for dei som lett klør av ull.
For det andre så minka det som sagt på den marineblå, og eit mønster kun med raudt og kvitt over for mange omgangar trur eg hadde sett snodig ut.

Men, med litt fri fantasi, nokre hjerter og eit utvalg av mønsterrapportane frå det originale mønsteret kom eg altså i mål. På et vis. Og mønstermessig vart eg fornøyd, synes eg klarte balansera fargane bra til tross for lite blått.


Heilt fornøyd var eg likevel ikkje. Med tre fargar og lange fargeskift blei skøyten utruleg stygg. Ujamn og hakkete, og i tillegg fekk eg nåken rare, lause løkker på baksida av arbeidet. Slik kunne eg jo ikkje ha det!
 


Halskanten vart og for stram, til tross for at eg hadde fleire masker enn eg skulle når eg felte av. Eg brukte større pinnar enn eg skulle, OG eg fellte av med annankvar maske rett og vrangt. Då burde den faktisk blitt vid så det holdt!


Noko seie meg at oppskrifta er ganske på bærtur når det gjeld avfellinga, eller så har dei satsa på at alle små jenter blir født med eit utruleg smalt hovud og små øyrer.
Etter å ha tatt opp igjen to ganger så orka eg ikkje foholda meg til heile halsfellinga lenger, og tok den med ut til "nødsentralen" hos Linda! Håpte jo at ho hadde ein trylleformel for den stygge skøyten og dei snodige løkkene også.

Ho kasta et raskt blikk på tilfellet og kom med diagsnosen. Me syr og klippe opp langs skøyten, og så strikke du inn knappestolpar. Eg såg sikkert litt skrekkslagen ut, for hu tok på seg ei veldig overbevisande mine når ho gjentok planen.
Og eg kasta meg lika godt uti det, eg var jo ikkje fornøyd med den slik den var, og det fins ikkje noko verre enn å ha eit mislykka strikkeprosjekt hengande over seg. Det truar som ei mørk sky over strikkelysta mi om eg har gått i frå eit prosjekt eg ikkje er fornøyd med, eller at eg har måtta gi opp noko. Eg får ikkje ro i sjela då. Og eg er så gal at eg heller kastar eit plagg enn å gi det frå meg utan å kunna stå inne for alt arbeidet på det!


Linda klippe og syr, så vidt eg tør sjå på. På ein måte litt betryggande å ikkje ha symaskin. Går slike prosjekt som dette gale har eg då ein syndar eg kan skulda på...


Så, etter sy, klippe og konsulenthjelp frå både aust og vest sitte eg igjen med ein tunika eg er fornøyd med. Den har ingen skeiv skøyt, den går an å tre over hovudet, og har ingen rare, lause løkker på innsida. Eg valgte også å sy fast den vetle vrangborden  som med litt godvilje kan kallast arm, for å unngå at den krøllar seg når plagget blir vaska. Sidan eg alltid feller av eit par masker ekstra under armane unngår eg likevel at den blir for stram rundt overarmen.
I tillegg så gjorde eg eit godt knappevalg om eg skal sei det sjølv!


Faktaboks:
Sisu er fortsatt ingen favoritt.
Strikka i ca str 2 år. og det gjekk med 134 g garn
Tunikaoppskriften har for langt bærestykke og er for smal i halsopninga.
For lange fargeskift på baksida blir bare trøbbel.
Gode, strikke og sy-kyndige venner kan vera kjekke å ha!

tirsdag 20. august 2013

Retrogul

Så har eg pliktoppfyllande sydd knappar i det eg har strikka i ferien. Herligt å kunna få den jobben unna. Skjønne jo egentlig ikkje koffer eg drive å utsette det, for det tar hverken lang tid eller er så veldig omstendelig.

Garnsafarien eg og Linda hadde, var eg rimelig produktiv. På eit par dagar så fekk eg strikka to vestar og ein tunika. Alt i Misti frå Du Store Alpakka, som fortsatt er et forferdelig loete garn!


Den retrogule vesten blei faktisk ganske stilig med matchande knappar. Og så gjorde det seg med ein heklekant rundt. På den måten fekk eg brukt opp siste garnresten, og så blei den litt meir jentete.


Eg har fortsatt ikkje lært meg å hekla, så Linda hjalp meg med den jobben. (Må seriøst få lært meg å hekla nå, det var jo eit av måla mine for 2013, og nå har me jo snart brukt opp heile året!)


Den andre vesten er i djup raud, (hårete Misti). Oppskriften er framleis den same eg alltid har brukt, Enkel Vest frå Pickles. Men med visse modifikasjonar. Eg har kutta nokre omgangar i fellinga oppe rundt halsen ellers så synes eg den blir for høg. Fasongen blir finare når den ligg nede på kragebeinet.


Siste plagg ut er sjølvsagt også i Misti. Eg har verkeleg lagt meg i selen for å bruka opp det hekkans garnet. Den lyse grålilla fargen kjem høgt opp på favorittlista mi, og derfor så hadde eg kjøpt ganske mykje av det.


Også her har eg brukt oppskrift frå Pickles. Enkel tunika er verkeleg enkel å strikka. Går jo så fort å bare strikka rundt og rundt, sleppa desse omgangane med vrangt. For at den skal kunna vara i et par sesongar har eg strikka den ein ørliten tanke lenger enn oppskrifta. Då kan den starte som knesid kjole, og ende som kort tunika.

søndag 18. august 2013

Gamle synder

Når eg flytta over bildene frå gammal til ny PC, så ser eg at det er ei aldri så lita synd eg har gløymt å bekjenna. Det var faktisk tidleg i sommar at Baronessa på Husnes solgte ut Mandaringarn, antagelig til ein god pris sidan eg kom heim med heile denne haugen.


Garnet skal erstattast, eller rettare sagt har blitt erstatta, av Mandarin Medi, og det har eg fortsatt til gode å testa ut.


I postkassen min har det ramla inn både det eine og andre strikkebladet i sommar. Og sjølv om eg ikkje brukar så mange oppskrifter, så kose eg meg med å lesa, kikka på garn- og fargekombinasjonar og ikkje minst sjekka ut diverse nettannonser. Sistnemde har ein tendens til å bli ein smule kostbart...


Og når vi nå snakkar om garn, har nokon testa ut dei nye garnkvalitetane til Drops? Alpaca Silk og Cotton Merino?



Herlige fargar, og blandingen av bomull og merino er eg jo heilt nødt til  få testa på pinnane i løpet av hausten.

fredag 16. august 2013

Framleis liv laga!

Med ny PC på plass er eg endeleg "bækk inn bissniss"!
Det har rett og slett ikkje blitt noko blogging å snakka om i sommar, og grunnen er ikkje at eg har vore for lat eller hatt solstikk.
Dataen fant rett og slett ut at den ville slutta å visa noko på skjermen, og uten å sjå noko som helst blei det veldig vanskelig å blogga. Derfor takkar eg nå min kjære HP for innsatsen, lukke til som pensjonist!

 
Men, data må ein jo ha, og sånne tekniske duppedittar, spesifikasjonar og egenskapar har eg overhodet ikkje greia på. Interessen for å læra det er også ganske laber. Eg må derfor retta ein stor takk til "Herr og Fru Zirkona" som har hjulpe meg med valg av pc, installering og slike keisame greier. Etter 4 timar med krum nakke i går kveld, har eg nå komt i orden på Asusen, og trur eg skal klara få gjort det mesta eg trenge!


Trass i min skepsis til forandringar og nye ting, så må eg innrømma at det er ein sneisen og grei maskin. Stor skjerm, veldig lett, og et godt tastatur. Eg har handla hos komplett.no, og HER finn du maskinen. Dei var lynande raske på levering, bestilte seint tysdag kveld, og torsdag var den her!

Strikkekroken min er kaotisk som alltid, og først av alt ventar ein haug med knappesying. Alle ferieprosjekta mine manglar knappar, og det er ei tung bør å gå i gang med! Kom arbeidslyst (les knappesyingslyst) å treng deg på, her skal du motstand finna!


Til dåke som har savna bloggen min, så lovar eg grundig dokumentering av både feriestrikk, garnsafari på Rv 7 og ikkje minst resultat garnrevisjon!!
Det oppstod en feil i denne gadgeten