fredag 23. august 2013

Æres den som æres bør!

Først må eg bare takka, bukka og bøya meg i støvet for alle rosande ord og hemningslaus skryt i sist blogg! Dåke veit verkeleg å få fart på sjølvtilliten til ei stakkars sjel!
Eg tek inn over meg all skryten for mønsteret, men eg må få understreka at uten konsulenttjenestar, tips og råd, samt sy og klippehjelp frå Linda og Zirkona, så hadde tunikaen enda som fyringsmateriale. Så send ein god tanke i deiras retning også, som redda eit synkande skip.


Etter den stressande opplevinga det var å koma i mål med sist prosjekt trengte eg noko enkelt å henta meg inn igjen på. Eit kvileskjær. Mamma hadde jo spurt så fint om eg ikkje kunne strikka gryteklutar til ho, like dei burgunder som eg laga på forminga i 8. klasse.

Eg gjekk i gong, og hadde faktisk ingen planar om å prøva gjera oppgåva meir avansert enn den var i 8.klasse. Bortsett frå at eg denne gongen valde å bruka to fargar.


Enkel rillestrikk med brun og lys Petunia, striper på eine sida og einsfarga brun på den andre. For mamma veit eg at funksjonalitet er mykje viktigare enn kor fancy det ser ut. Ho MÅ kunna ta i varme kakebrett utan å måtta bretta gryteklutane dobbelt, og dei må også vera så store at ho får skikkeleg tak på ting.

Meine eg la opp 50 masker på pinne 4, og strikka i veg til lappane var kvadratiske. Men, så skulle dei jo monterast i samen på et vis. Sy-angsten min kom tydeleg fram i lyset, og eg tenkte at det måtte jo vera ein finare og meir praktisk måte å få dei hefta i samen på.


Joda, det er ein lettare og finare måte. Ho heiter Linda, og er ein reser med heklenåla. Nesten før eg var ferdig med å beklaga meg over kor fælt det hadde vore å måtta sy dei samen, så var ho ferdig.
Og resultatet sit som eit skot - desse kjem garantert gjennom mamma-sensuren!


Faktaboks:
184 g Petunia gjekk med til to store, doble gryteklutar.
Petunia har ekstremt mange fine fargar, men er langt frå det beste garnet eg har strikka med. Tvinnar seg litt, og er litt laus i spinninga slik at ein lett deler tråden. Men med tunga beint i munnen blir resultatet bra.


....og mammo, ja hu var godt nøgd etter eg overleverte gryteklutane.

2 kommentarer:

  1. Du er i siget du også ser jeg, stadig nye ting plopper opp :) trivelig blogg

    SvarSlett
  2. Er jo veldig enig med din moder jeg, da! Grytekluter må være funksjonelle -det er det viktigste :) Men så gjør det jo ikke noe om de i tillegg tar seg bra ut, slik som disse du har laget her!
    Tydeligvis et bra samarbeid om tunikaen. Resultatet er bare helt supert :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten