tirsdag 27. august 2013

H.o.h

Detta blogginnlegget bør vel strengt tatt dedikerast til fastlegen min, som faktisk gjorde det mulig. Med ein solid ekstradose med kortisoninjeksjonar kunne eg nemlig ta meg ein tur til fjells! Hurra!

Strålande vêr, sommarferie, ja det måtte jo bli ein tur på hyttå til pappa. Slikt er ikkje gjennomførbart kva tid som helst, men med litt planlegging og godvilje frå høgare makter kunne vi nyta nesten ei heil veka på Fonnastølen.


Sjølv om hytta er liten, utan innlagt vatn eller straum, så er det eit ferieparadis. Eg nyt kvar time der oppe, og det gjere jentene også. Ikkje noko sakn at det hverken er TV eller data der. Ludo, Yatzy, turgåing og fisking er nemlig mykje kjekkare.

Eg hadde satt meg som mål at eg skulle klara komma meg på Vinjarnuten i år. Det er 16 år sidan sist eg var der, og skal eg vera ærleg så var eg veldig usikker på om eg skulle nå målet mitt når vi var komne halvvegs. Det var eit slit, rett og slett, og etter tre år i stabilt sideleie er det jo ikkje rart kroppen protesterte litt.


Pappa hadde Madel i bæremeis, mens Victoria gjekk heile vegen sjølv. Madel tok seg lika godt ein kvil også undervegs.


Reinsdyr traff me også på. Tre bukkar har gått og surra rundt hyttetraktene i fleire år nå, men eg har aldri sett så store gevir på karane.


Etter timar med slit og strev nådde vi jammen toppen, alle 4! Fantastisk følelse å sitta der 1105 m.o.h å sjå "heim" på Folgefonna. Eg vurderte faktisk å pakka med strikketøyet bare for å kunne fotografert meg strikkande ved sidan av varden, men eg tok heldigvis til fornuft. (Så raud eg var i toppen kunne eg knapt takast bilde av.)


Turen ned var omtrent vel så slitsom som turen opp, men i ein ganske fremtredande lykkerus ispedd litt Kvikklunsjboost, så kom me oss nedatt til hytta. Heilt tomme for energi, gørrslitne, men så fornøyde med oss sjøl!

Så kom dagen derpå, og det var ingen fare for at det blei turgåing. Utruleg nok hadde eg ikkje gangsperr, men så kom eg på at ein må vel ha musklar for å få det...
Fortsatt litt utmatta vart det hyttekos og strikking heile dagen. Eg fekk strikka nesten ein heile vest i Misti, går radigt på pinne 5,5.


Men, turen til Vinjarnuten gav blod på tann, og fredagen bar det på tur igjen. Eg hadde sete på hyttå og sett på eit lite tre som stod heilt aleina oppå ein fjelltopp, og det såg beint fram litt uryddig ut. Dagens turmål vart derfor Symjånuten (856 m.o.h) med ei lita sag i sekken.

Laaangt ned til hytta.

Dette vart jo reine søndagsturen i forhold til onsdagens strabasiøse ferd, i alle fall til me skulle ned igjen.


Victoria førstemann opp!

Eg likar best å gå på snaufjell eller ein brukande sti. Sleip ur, tilgrodd med mose og bregner, bratt som fy, er derfor langt nede på lista over kjekke turterreng. Pappa meinte at det var ein gammal sti der, men den trur eg knapt har blitt brukt sidan vikingetida. Eg var ikkje sånn veldig blid på han for vegvalget, og utruleg lukkeleg når eg var nede att.

Jentene på Symjånuten

Litt spente var vi jo når vi kom til hytta og skua opp mot horisonten, hadde vi sagd ned rett tre?
Jepp, ingen buskvekster mot horisonten lenger!

Turkvoten min føltes med det ganske oppfylt, og eg brukte resten av hytteferien på favorittaktiviteten min. Strikking.
Endå ein vest kom på pinnane, denne i Andes frå Drops. Litt meir kompakt garn enn Misti, men den loar ikkje på langt nær lika mykje.


Eg fekk til og med lagt opp og starta på den tredje vesten, så ingenting å seia på produktiviteten høgt over havet!
Herlig ferie til fjells, men det var ikkje vondt å komma heim til dusj og mi eiga seng....

Faktaboks:
Fonnastølen ligg i Vekaheiane i Suldal
Vinjarnuten er 1105 m.o.h, og det fins garantert lettare vegar å gå enn den krongleura me tok.
Nedsaging av tre på Symjånuten kan i verste fall kallast tjuvhogst, får håpa grunneigaren aldri finn utav det.
Vestane er begge strikka med modifikasjonar etter Pickles sitt mønster på Enkel Vest.

6 kommentarer:

  1. Så fin blogg. Nydelege bilder av natur og strikketøy. Ein god lott fekk eg meg og. Den kom i avsnittet om "dagen derpå"

    SvarSlett
  2. Dette hørtes fantastisk ut, Jane!
    Det var deg vel unt med flotte turdager :)
    Og vestene du strikker -ja de er bare helt supre!

    SvarSlett
  3. Her er det råd å samla krefter, for ein herleg tur! Og så aure til middag, nesten missunnelig. Godt med viljestyrke som gjer at du nådde målet ditt, Vinjarnuten! Godt jobba!

    Fine Vestar du har strikka

    SvarSlett
  4. Ja dette var nok ei herlig vitaminsprøyte til deg Jane :) nydelige bilder av en flott natur, og kjempefine håndarbeider som vanlig :) koselig blogg

    SvarSlett
  5. Herleg med ein fjelltur av og til, og godt jobba med toppturen!
    Vestane dine er så flotte :))

    SvarSlett
  6. Høres ut som en deilig tur! skulle ønske jeg også kunne fått gleden av å sove på bestefars skulder, eller bare i en vogn mens en blir trilla for den del.

    Du strikker så mye flott (la meg til som følger), og er vel ikke alene om garngalskapen... Jeg prøver stadig å kvitte meg med garnnøster, strikke opp altså.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten