mandag 5. august 2013

Suldalskofta

Mitt besøk i Haukeli resulterte jo i ein del eldre strikkemønster. Mellom mange andre fine kofter frå ulike bygder og dalar rundt om i det ganske land fann eg oppskrift på Suldalskofta. Sidan Suldal er staden eg er fødd og vaks opp, så var jo denne obligatorisk i samlinga.


Men eg må ærleg sei at det ikkje er nokon fare at eg kjem til å bruka tid på å strikke denne. Nokon gong! Den er jo ikkje fin i det heile, mønsteret ser litt ut som stearinlys eller sigaretter. Den får livets rett i mønstersamlinga eine og åleina på grunn av navnet sitt!


Viss nokon har ei god forklaring på opphavet til dette stearinliknande mønsteret vil eg veldig gjerne høyra den!

5 kommentarer:

  1. Hahaha, eg lurer på om ikkje eg har sett et bilde av far min i ei sånn kufta!

    ...han totte vel sigarettar va stilig, då!? ;)

    SvarSlett
  2. Trur jammen far min hadde denne kofta da eg var lita ;)
    Den gang røyka han... he he!

    SvarSlett
  3. Enig med deg i at det mønsteret ikke var det flotteste...
    MEEEN: Sjekk den nederste borden, da -den var fin, den!!
    Ellers håper jeg på å få ta en titt i de fine, gamle oppskriftene en gang det passer seg sånn ;)

    SvarSlett
  4. Heisann! Forklaringa på mønsteret kan du få på ei ny utstilling på Kolbeinstveit i sommar :) Då kan det også tenkjast at der kjem ei "ny" Suldalskofte.... Men kan du fortelja meg kva årstal mønsteret er frå?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg anar ikkje noko om årstal, står heller ingenting på mønsteret dessverre.

      Slett

Det oppstod en feil i denne gadgeten