tirsdag 20. august 2013

Retrogul

Så har eg pliktoppfyllande sydd knappar i det eg har strikka i ferien. Herligt å kunna få den jobben unna. Skjønne jo egentlig ikkje koffer eg drive å utsette det, for det tar hverken lang tid eller er så veldig omstendelig.

Garnsafarien eg og Linda hadde, var eg rimelig produktiv. På eit par dagar så fekk eg strikka to vestar og ein tunika. Alt i Misti frå Du Store Alpakka, som fortsatt er et forferdelig loete garn!


Den retrogule vesten blei faktisk ganske stilig med matchande knappar. Og så gjorde det seg med ein heklekant rundt. På den måten fekk eg brukt opp siste garnresten, og så blei den litt meir jentete.


Eg har fortsatt ikkje lært meg å hekla, så Linda hjalp meg med den jobben. (Må seriøst få lært meg å hekla nå, det var jo eit av måla mine for 2013, og nå har me jo snart brukt opp heile året!)


Den andre vesten er i djup raud, (hårete Misti). Oppskriften er framleis den same eg alltid har brukt, Enkel Vest frå Pickles. Men med visse modifikasjonar. Eg har kutta nokre omgangar i fellinga oppe rundt halsen ellers så synes eg den blir for høg. Fasongen blir finare når den ligg nede på kragebeinet.


Siste plagg ut er sjølvsagt også i Misti. Eg har verkeleg lagt meg i selen for å bruka opp det hekkans garnet. Den lyse grålilla fargen kjem høgt opp på favorittlista mi, og derfor så hadde eg kjøpt ganske mykje av det.


Også her har eg brukt oppskrift frå Pickles. Enkel tunika er verkeleg enkel å strikka. Går jo så fort å bare strikka rundt og rundt, sleppa desse omgangane med vrangt. For at den skal kunna vara i et par sesongar har eg strikka den ein ørliten tanke lenger enn oppskrifta. Då kan den starte som knesid kjole, og ende som kort tunika.

5 kommentarer:

  1. Tre flotte plagg du har fått laga ferdig i sommar. knappane på de gule var berre topp, gjorde plagget ekstra flott saman med heklekanteN.

    Praktisk med plagg som kan brukast lenge. Det er kjolen eit flott eksempel på.

    SvarSlett
  2. Så effektiv sommar du har hatt :) Den gule vesten var rett og slett knalltøff.

    SvarSlett
  3. Vestane du strikker er så fine, eg likte og den gule med knappane som prikken over iien!
    Kjolen var og enkel og fin :)
    Er spent på om du skal på tur i september? Hadde vore veldig kjekt!

    SvarSlett
  4. Så kjempefine vester, for ikke å snakke om de fine knappene du har sydd i, de pynter jo opp noe veldig :)

    SvarSlett
  5. Denne modellen fra Pickles er et funn!
    Og du setter en ekstra spiss på den med flotte fargevalg og skjønne knapper!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten