onsdag 1. mai 2013

Gamle skattar

Eg blei meldt inn i ei gruppe på facebook med kjøp og salg av eldre håndarbeidsbøker og oppskrifter. (Tusen takk Linda Thingvoll Svensson) Denne bør absolutt sjekkast ut av alle som har glede av eldre oppskrifter, her var det mange skattar å finna. Reknar med at gruppa er søkbar - Salg og søk av gamle og retro strikke, hekle og sy mønster)
I alle fall, eg har alt karra til meg to vidunderlige bøker som kom i posten rett før helga.


Ein er jo alltid spent på kva sånne bøker faktisk inneheld. Eg pleie som regel finna eit par ting som kan brukast, men det er også ting som kun har rein underholdningsverdi.


Men, i denne "Kvinner og Klærs Strikkebok" frå 1952 var det faktisk ei oppskrift som har vore i bruk nyleg. Ikkje av meg, men av strikkementoren min i Herøysund. Ho hekla smekker til yngstejenta når ho vart fødd for eit par år sidan, og jammen så dukka ikkje oppskrifta opp i denne boka! Det er vel det ein må kalla tidlaust?


I tillegg så fekk eg "Barnestrikk for de minste - av kokett og Perle Krepp". Denne er ikkje datert, men trur kanskje den kan vera frå 60-talet ein gong? Det står så festlig nede på baksida: "Selvgjort er Velgjort".



Eg har eit par hefter av eldre dato i frå før. Det eldste er dette, "Strikkeoppskrifter", frå 1947. Mange av oppskriftene er i Perlekrepp.



"Den nye strikkeboken" av Esther Bondesen er frå 1948, og her skal det visstnok vera ein del 1, eg har del 2.



"Moro med garn - barnas egen håndarbeidsbok i farver" er frå 1966.


"Alt for Damene`s Strikkebok - sesongen 1962-63"  seie seg nesten sjølv kva årstal denne er frå. Det artigaste her er faktisk annonsene inni. I tillegg har den ein del fine mønsterrapportar frå ulike koftemønster.






4 kommentarer:

  1. det kaller eg en skikkelig skatt...! Så kjekt med desse gamle, -har arva endel etter besta som eg av og til tar fram og koser meg med :o) Ligger forresten endel gamle oppskifter på etsy, eg har kjøpt endel der. Er på engelsk riktignok men det funker fint :o)

    SvarSlett
  2. Det er kjekt med disse gamle skattene. Det finnes en del i mine gjemmer og. Kjekt å ta de frem av og til og kikke og mimre.

    SvarSlett
  3. Såå gøy :) Kan ikke finne den linken på FB , kan du linke direkte ?
    Hilsen Tone

    SvarSlett
  4. Har du en oppskrift på "små folk" i perle knepp? Nummer på blad i verstefall?
    http://www.fruboger.blogspot.no/2013/10/trenger-mnsterhjelp.html

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten