mandag 7. april 2014

Ikkje som planlagt

Sånn omtrentleg i skrivende stund skulle eg vore ferdig med kontroll på Haukeland og i full gang med garnhandling hos Annes garn. Etterpå var planen å tilbringa heile ettermiddagen i den koselege stova til Åshild, med snakketøy og strikketøy i høgt tempo. Eg hadde verkeleg sett fram til eit avbrekk etter å ha vore isolert i heimen siden fredag, fullt oppteken med å tømma spybøtter og vaska sengetøy. Og alt såg jo egentlig lyst ut heilt fram til klokka var litt over 11 i går kveld, då blei eldstejenta dårleg igjen etter å ha styrt unna spybøtta heile dagen.
Sånn omtrent kl 03 i natt kunne eg endeleg legga meg, og då hadde eg for lengst sett "kosedagen" min spylt ut i sjøen. Skikkelig surt. Ikkje umulig at det blir garnshopping på nett i dag, som plaster på såret.

 
Sist eg besøkte Åshild sov eg rett ved siden av garnskapet hennas. Kor lurt det er kan jo diskuterast, det blir litt som bukken og havresekken.
Fremst i skapet hennas låg det nokre nydelige nøster kvit Cascade, og det var liksom noko ekstraordinært med desse. Både farge, fasong på nøsta og kvaliteten på garnet gjorde at eg bare måtte ha nokre slike i skapet mitt eg også.


Så det var bare å legga inn ei bestilling hos Strikkinnom. Dette er for øvrig ein av dei nettbutikkane med best utvalg av garn, spør du meg. Så det vart jo litt meir enn Cascade som kom i pakken.
Lekker farge på Softknit Cotton frå Rowan, litt uvanleg tvinn, men det kjennes utruleg mjukt ut.


Og så likte eg så godt den grårosa litt ubestemmelige fargen på Milk & Honey frå Viking, og då måtte det sjølvsagt vera med.

1 kommentar:

  1. Herrejemini - du har så god smak!!! Vel unt, spør du meg. Håpar det går bra med alle sjuklingane etterkvart!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten