fredag 25. april 2014

Filati og Mayflower

Eg har kjøpt meg nåken brukte mønsterhefter på ei facebookside der ein driv med slikt. (Eg kan dessverre ikkje gjengi kva sida heiter, for eg er med på så mange slike sider, og handlar jo i hytt og vær - då blir det litt vanskeleg å halda styr på kor einkvar ting kjem frå).


Det var både Dale og Sandneshefter, og det er jo alltid litt sjansespel å handla når ein ikkje får bladd gjennom og sett kva som faktisk står inni. Men heftene var bra dei, kjekke oppskrifter og sjølve heftene var i god stand.


Likevel må eg innrømma at det var Mayflower og Filati Infanti som fekk meg til å jubla. Fantastisk mange fine modellar, og lekre bilder. Spesielt i Filati..





Nei, nå blei eg jammen usikker. Sinnsjukt mykje fint i Mayflowerheftet også. Ikkje minst så var bildene her i ein klasse for seg. Blir så lekkert med mjuke, fine strikkaplagg mot grove naturmaterialer.




Eg har leita og søkt på nettet for å finna ut om det går an å kjøpa fleire av desse Filatiheftene, men eg klare bare finna hefter på tysk. Det blir ikkje aktuelt for å sei det sånn. Finne infosider der alt står på engelsk, men når eg navigerar fram til rette plassen der ein faktisk kan handla, så er det KUN tysk. Viss nåken veit om kor ein kan få kjøpt Filati Infanti på engelsk, så skrik gjerne ut. (Helst så høgt at eg høyre det.)


Med oppskrifter frå Lana Grossa så tenke eg at det må vera noko som passar til dette nydelige garnet eg fekk av Sølvi. Supermjukt, som det lovar på banderolen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten