lørdag 23. juni 2012

Dansk garngave

Denne bloggen starta eg egentlig på onsdag formiddag, men dagen enda med besøk hos lege, så legevakt og til slutt ein ambulansetur til Haugesund med eldstejenta. Slett ikkje slik eg hadde tenkt å bruka dagen, den var satt av til strikking og klesvask, men med veldige magesmerter og raskt stigande feber på jentå, så blei me sendt avgårde i den store, gule bilen.
Det var heldigvis ikkje blindtarmen, eller noko anna alvorleg, så etter å ha fått litt medisiner og godsaker intravenøst, så fekk me reisa heim kvelden etter. Dei såg kanskje kor ukomfortabel hu mor var, og kor lyst me hadde å reisa heim, så gleda var stor då dei kom med beskjeden at det bare var å reisa, men med open retur i 3 dagar om ho vart verre.

Men, å komma seg frå Haugesund til Uskedalen ein torsdag ettermiddag, når Victoria hverken hadde jakke eller sko, det var jo ikkje så enkelt. Sjukepleiaren sa at me kunne ta kystbussen, men den går for det førsta ikkje lenger enn til Stord, altså bare halvvegs, og å dra ei sjuk lita frøken barføtt og uten jakke på ein buss, det frista lite.
Men eg har ei snill svigermor, ja egentlig svigerfamilie, som klarte pusla samen å passa minstejenta som var plassert der, ta fjoset, og ikkje minst slåtten, slik at svigermor kunne kjøra den lange vegen til Haugesund å henta oss. Og litt før kl 22 på kvelden var me tilbake. Sjølv om sjukehus innebere mykje venting, så klarte eg slett ikkje finna roen til strikking, så på den fronten har det skjedd lite.

Så til noko positivt. Før denne suppa med sjukehus og farting, så hadde eg besøk av snille Monica som hadde vore på ferie til Danmark. Heldige meg fekk presang då ho kom på besøk. Lekkert nøste med lilla cashmere og ei søt, lita oppskriftbok. Kanonkjekk og koselig gave, perfekt for ein garngal strikkefan! Og den lillafargen var bare så sommarleg og flott, og cashmere må utvilsomt vera verdas mjukaste garn. Det kan kanskje slå følge med dei to hespane eg kjøpte i Los Angeles.


Sko gjerne fått dette rette veg, men det legg seg slik uansett, så dåke får legga hovudet på skakke:)


Eg har sjølvsagt klart å karra til meg litt garn heilt på egenhånd og. Det har tross alt vore 10-kroners salg på Porselensbuo, og slikt kan ein ikkje la gå forbi. Så det blei ein del garn, 5,7 kg for å vera nøyaktig. Og nå begynne eg virkelig å få et plassproblem til oppbevaringa. Men, dei fleste hobbyar tar vel litt plass?





Endå et par nye strikkebøker frå Bokkilden har også komt. Desse var ikkje lika imponerande, men det er vanskelig å sjå ut i frå framsida kva boka faktisk inneheld. Og det var ikkje mulig å bla i desse før eg kjøpte. Heldivis er prisane på engelske strikkebøker veldig snille, så det kostar ikkje stort meir enn ein utgave av Simply Knitting, som tross alt stort sett inneheld reklame og annonser.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar