mandag 8. juli 2013

Strikking på 666 m.o.h

I helga har eg vore på ein aldri så liten luftetur. Eg og eldstejenta tok med oss passande selskap og stakk til pappa si hytta på Fonnastølen.


Herligt å kunna ha ein sånn plass å reisa til med strikketøy og ei god bok i sekken. Svinheldige med vèret var me også, kom ikkje regn før me var på heimveg på søndagen.


Strikketøyet var som sagt med, men det la eg igjen der oppe. Starta på ein ny Enkel Tunika, oppskrift frå Pickles, men i garn frå Du Store Alpakka. Kjøpte jo ein del Misti på salg ute på Baronessa, og det må eg prøva få brukt opp. Denne tunikaen er ganske "garnsulten" og eg håpar å få unna mesteparten av lageret. Misti er jo for all del eit fint og mjukt garn, nydelege fargar, men kva hjelper det når det hårar så ille at det ser ut som eg har prøvd å temma ein isbjørn i fanget mitt! Tunikaen blir derfor verande på hytta til den er ferdig, så slepp eg dra på "pelsdyret" fram og tilbake i sekken.


I morgo opnar Wollmeise den nye nettbutikken sin, og eg er kjempespent! Både om det vert meir garn å få tak i, og ikkje minst om det er bilde av alle fargane på det som er tilgjengeleg. Kanskje me "sjåast" mellom hyllene der?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar