mandag 1. juli 2013

Take me to the Moon

Det er ikkje første gang, og antagelig ikkje siste, at eg lar meg frista av dette nydelige garnet her. Garn frå Mosaic Moon er litt som Wollmeise har vore, nesten umulig å få tak i. Her er det også sånn at det berre er enkelte fargar av og til som er tilgjengelige i nettbutikken. Og når ein ser på fargekombinasjonane så kan ein forstå det..


Også denne gongen har eg handla på Fb-sida Kjøp, salg og bytte av garn. Ei veldig kjekk side.
Ikkje fullt så kjekk om ein prøver kutta ned på garnbeholdningen....
Eg anar ikkje eksakt kva eg skal bruka garnet til, foreløbig så brukar eg det til oppmuntring og humørspredning.
Faktisk så trur eg ikkje at eg har brukt det forrige Mosaic Moon garnet eg handla heller... Hm... er det ei lita moral-lekse som prøver trenga seg gjennom her? Eg mistenker det, så derfor skiftar me tema!


For eg har då strikka litt. Hende eg rekk det innimellom all garnhandlinga, men eg er ikkje så flink å somla meg ut for å ta bilder.
Sidan det var opphaldsvêr og fortsatt lyst når husets små var i seng, så blei det faktisk ein liten fotoshoot på terrassen i kveldinga.


Dagens modell er ein klut i Garnstudio sitt Bomull/Lin. Eit nøste med fem rette og fem vrange, bytte etter seks omgangar, blir ein sånn akkurat passe stor klut.
Sjølv om eg har gått ned frå anbefalt pinnestørrelse 5,5 til 4, så synes eg framleis den er ganske grov. Veit av erfaring at garnet mjuknar mykje når den vert vaska, men eg synes likevel at strukturen er i grovaste laget.
Ser at Garnstudio har dette garnet i fleire genser/jakkeoppskrifter, men trur ikkje eg kunne tenkt meg ein genser i denne grove strikken.


Men, viss det er nokon som har lyst å testa det ut, så er Bomull/Lin ein av dei mange garnkvalitetane som kjem på Garnstudio sitt store JULISALG!!
-35% på samtlege bomullskvalitetar, her er det berre å gyva laus. Bomullssalget i juli har jo blitt ei årviss hending etter kvart, og eg har vel ikkje klart å stå i mot ein einaste gong.
I år har eg slått meg til ro med at eg antageleg kjem til å la meg frista på eit eller anna tidspunkt i løpet av juli!

3 kommentarer:

  1. Nydelige fargar på garnet ditt, spennande fargekombinasjona ja. Kan absolutt la seg freiste av slikt!

    SvarSlett
  2. å garn i mine fargar---- såå nydelege!! Du har ei fine garnsamling etterkvart. Nokre har frimerker eller myntar i samlinga si..... trur eg likar best samlinga di!

    SvarSlett
  3. KNALLfint garn!
    En ting er sikkert -dersom jeg ønsker å prøve ut noe nytt på garnfronten, er det bare å titte innom din blogg for gode tips :D

    SvarSlett