fredag 1. mars 2013

Nytt sokkegarn

Første sokkeparet til vetlebror er klare. Eg er framleis lika uvitande om innhald og navn på dette garnet, men artig vart det med små gule og raude "lodottar" innimellom.
Neste par er alt på pinnane, og denne gong ein heilt ny garntype; Raggen.



For litt sidan kjøpte eg raggegarn på Europris. Raggen kosta 10,90 for 50 gram, inneheld 80% ull og 20% nylon, 100 meter, og anbefalt pinne 3,5-4.

Eg har lenge vore på jakt etter ein verdig arvtagar til Raggegarnet som Sparkjøp hadde, og tenkte at Raggen måtte prøvast. 6 nøster blei med heim, og nå angrar eg veldig at det ikkje var 60. Dette skal nemlig ikkje vera ein del av Europris sitt faste garnsortiment, men eit tilbod som kun var i ein kort kampanjeperiode.




Supergodt garn å strikka av, og veldig elastisk. Beste vrangborden eg har strikka på lenge. Så klart er det grovt og litt kløete, men dette er garn berekna på skikkelege arbeidssokkar, og i den kategorien kjem Raggen høgt på lista. Eg likar i tillegg at sjølv om garnet er grovt, så er det ikkje så tjukt og stivt som f.eks Tresko.


Planen var at desse to sokkepara skulle vera klare sånn omtrent no, sidan vi reiser til sokkane sin framtidige eigar i morgo tidleg. Men med tanke på at eg berre såvidt har starta på hælen på sokk nr. 2 trur eg kanskje at oddsen er litt dårleg for å komma i  mål. Kastar meg likavel over pinnane med eit ørlite håp!





5 kommentarer:

  1. Ah, ser du bruker karbonpinner Jane, er du fornøyd med dem, er de gode? :) Jeg var fristet til å kjøpe her om dagen, men det ble med garn hjem i stedet - vel, ingen bombe akkurat ;) høres godt ut dette strømpegarnet, skal jeg vre obse på :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje karbonpinnar, men ibenholt! Og dei er fantastiske, beste eg har!

      Slett
  2. Det er helst slike slitesterke sokker det går i her og.
    Det nye raggegarnet til Sparkjøp kan eg og anbefale.
    Det er mjukt og godt å strikka med, og best av alt er det slitesterkt ;)
    Gubben her har testa det ut :))

    SvarSlett
  3. Flotte sokker til lillebroren! Artig med fargeklattene i det grå.

    SvarSlett
  4. Finner ikke ett eneste nøste i grått. /hvitt Er det noen som kan hjelpe? Mvh Jorunn

    SvarSlett