fredag 8. mars 2013

Nav på bollebesøk

I dag har eg hatt koselig kveldsbesøk frå ein NAV-representant. Ho hadde med seg nydelige nysteikte kanelboller, og sjølvsagt strikketøyet. For at dette skal henga på greip bør eg vel kanskje legga til at den NAV-ansatte er ei god venninne og nabo, som forresten er sjukt flink å baka! Uansett, godt strikkeselskap over ein varm kopp te er alltid velkomment!



På pinnane dei siste dagane har eg hatt ein enkel vest i Andes frå Garnstudio. Som så mange gonger før har eg brukt oppskrifta Enkel Vest frå Pickles som inspirasjon, men med eigne justeringar sidan eg har heilt anna tjukkelse på pinnar og garn.
Har brukt Andes før, då på pinne 6,5. Denne gongen tenkte eg å holda meg til anbefalt pinnestørrelse til garnet, og la i veg på pinne 8!


Vesten er ferdig, men samanlikna med å strikka på pinne 6,5 så vart dette veldig ujamt. Slett ikkje godkjent i Jane-sensuren. Spesielt i rillene oppe blei det ein del uregelmessigheter.


 Eg har lite lyst å rekka opp igjen, så eg tenkte å gi det ein sjanse gjennom vaskemaskinen. Sidan Andes inneheld ull og alpakka vil den truleg tova litt, og dermed skjula ujamnhetene.  Håpar eg...
Ny vest er alt på pinnane, same garn, men denne gong på pinne 7. Ser alt etter eit par riller at det gir eit mykje jamnare resultat.



Og så har vi hatt ei lita bursdagsfeiring for yngstejenta i dag, ho blei heile to år! Ballongar og sjokoladekaka burde vera ein sjølvskriven hit, og svikta ikkje denne gongen heller!
Og kva passar vel bedre på ein dag som dette,  med pakke i posten til ho mor?!
Avsendar er Die Wollbox, og då er det vel kanskje ikkje så vanskeleg å gjetta seg til kva mjuke skattar som blir å finna her...


1 kommentar:

  1. Herlig to-åring på "føyså" - tillykka! Vesten blir nok flott med litt damping og den ?! Du den, eska burde absolutt vore åpna!!! Får vente i spenning til neste blogg eg då???

    SvarSlett