søndag 24. mars 2013

Hurra for meg!

Så var det den dagen i året igjen då, når det blir stadfesta at eg er eitt år eldre. Sidan eg slutta telja rundt 24, så gjer det egentlig ingenting..
Faktisk så har det vore ganske kjekt med bursdag denne gongen. Eg gjorde nemlig noko som eg ikkje pleie gjera, nemlig å feira meg sjøl. Sidan eg hverken likar å laga eller eta kaker, så har eg som regel hoppa galant over alt som kan minna om bursdagsfeiring. Synes derfor eg slo til på stortromma når eg i går kveld inviterte mine beste venninner på kaka. Eg hadde derimot eit krav til gjestene - Ta med strikketøy!
Er det ikkje så in med slike temafestar da? Temaet mitt var STRIKKING!


Og eg er ikkje i tvil om at eg har valgt dei beste venninnene ein kan tenka seg - bare sjekk denne fantastiske gåvestraumen då!
Av Åse fekk eg øyremerka midlar til garnkjøp. Etter å ha sett garnberget mitt meinte ho nemleg at eg antagelig mangla noko. Og det har ho vel egentlig ganske rett i!


Linda kom med KUle sokkar, som eg hadde ønska meg. For litt sidan handla ho dette vottemønsteret i Jorids Mønsterbutikk, og eg skal slett ikkje nekta for at eg hinta litt om at bursdagen min nærma seg og at eg syntes det kumønsteret var utruleg fint. Damen var ikkje verre enn at ho laga sokkemønster av det. I tillegg fekk eg ein velgjerande salvesak som eg kunne bruka på "idrettsskaden" min, nemlig sprukne fingertuppar. Går veldig dårleg å strikka når huden ikkje er heil, for du kan vera sikker på at det er akkurat rett nedi såret eg treff med strikkepinnnen..


Eit strikkeblad og eldre utgave av eit Dale-hefte havna også i mi eige..



Av Lene fekk eg ny mønsterbok frå Du Store Alpakka, som for ein gongs skuld hadde noko å fara med. Eg har så mange gonger blitt skuffa over heftene/bøkene til DSA, men denne var det kjempemykje søtt inni. I tillegg kom ho med fira nøster supermjuk BabySilk og sjarmerande treknappar!



Og Monica kom med den søtaste korga, fullstappa med "snop"!. Bare korga i seg sjøl er jo nydeleg, og når det då i tillegg er putta M, te og garn oppi, ja då blir det ein fin bursdag gitt!
Faktisk så var det garn eg ikkje hadde frå før også. (Godt gjort).


Det versta var jo at gjestene til dels gjorde litt narr av meg, der eg blei lukksalig og blank i augene av å opna pakke etter pakke med garn og strikk inni.


Eg kan ikkje anna enn å anbefala ein slik temabursdag på det varmaste. Og på toppen av det heile så dukka det opp to pakkelappar i postkassen i dag. Ein frå www.sommerfuglen.dk  og ein frå www.yarn.com - happy bursdag til meg!



4 kommentarer:

  1. Så morro :-) Gratulerer med dagen!

    SvarSlett
  2. Gjorde ikkje narr av deg - berre lo med deg. Kjekt å sjå at gaver blir så godt moteke. Kvelden var så koseleg!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med dagen din litt på etterskudd.
    Flotte gaver du har fått og du beskriver en flott kveld.
    Ønsker deg god påske.

    SvarSlett