fredag 1. mars 2013

Ryddestrikking

Av og til hopar det seg opp ein drøss med små restar av ymse garn på botnen av strikkeveska. Mi strikkeveske er ofte hardt angrepet av sånne smånøster, og etter ein del klutstrikking tidlegare i år, så var det ein herleg fargesymfoni som hadde samla seg. Sjølvsagt var det ikkje nok til noko som helst kvar for seg, ikkje var det same typen garn heller.


Men, her lar me ingenting gå til spille, så to stykk svært fargerike og kunstferdige klutar er ferdige. Ein i vårlege pastellar med både muskat, melkegarn og bomull sport.


Den andre er i Mandarin, Petunia og Cotton Viscose. Ikkje heilt overbevist over klutegenskapane til sistnemde.  Kanskje ikkje mine mest framifrå strikkearbeider dette her, men kunne jo ikkje la garnet gå til spille. Klutane tørkar og vaskar jo like godt uansett farge.


Tok meg ein runde i posen med restegarn, og faktisk så var det svært lite bomullsgarn her. Einaste eg fann var desse små buntane, som er restar etter ein tunika i bomull frå Gjestal som eg strikka for 3-4 år siden, samt litt Mandarin.  Trur nok at eg skal klara tømma restelageret på bomullssida utan dei heilt store problema.



Det var den "flinke" delen, der eg strikke opp garnet mitt og bruke restar.... Så over til den delen der eg stadig lar meg frista og ikkje klare stå i mot...  Sida på fb som byr på Kjøp, salg og bytte av garn, er rett og slett skummel for ei stakkars sjel med ULLemi



Men kor lett er det å la vera kikka ein ekstra gong når det dukke opp heilt nytt garn som eg aldri har hørt om? Og som har et fargespel som bare kjem til å bli sååå lekkert på ein hals eller eit par snasige sokkar? Eg har ikkje styrken til å bare klikka meg vidare i alle fall... (Heilt ærleg så har eg ikkje prøvd særleg hardt å finna den styrken heller..)

Denne gongen var det Dashing Dachs som stod på menyen. Ein liten skatt å ha i garnkorga, for eg klarte ikkje finna det på nett. Fann nettsida, www.dashingdachs.com , men her var det for tida ingenting tilgjengelig. Eksklusive saker, så eg ser på det som ei investering i garnlageret:)


3 kommentarer:

  1. Flink du som nytttar restane til gode klutar. Det garnet du har fått innom dørene såg nydelig ut. Riktig så spennande!

    SvarSlett
  2. Godt å få rydda litt. Fine kluter.
    Det garnet så bare så lekkert ut. Jeg må nok skygge unna slike nettsteder, ellers må vi flytte vegga. (men må vel innrømme at jeg myser litt)

    SvarSlett
  3. Synes du er kjempegod som får brukt opp alle smårestene! Der har jeg som før sagt myyyye å lære....
    Og HERLIGHET!!!! Så flott garn du har handlet inn :D

    SvarSlett