lørdag 29. mars 2014

Å gå forbi...

I dag måtte eg ta turen til Odda, helsemessig ærend, og eg hadde jo superflaks då det viste seg at Vetla Løo  hadde åpent.


Denna butikken har ein heilt særeigen stemning, men i dag blei det ikkje garnhandling på meg. Syns det var komt så masse mohair og alpakkagarn - ingen favoritt - og det var liksom litt uoversiktelig i dag.


Men, eg kjøpte melkekaker og strikke-te og kaffi. Perfekte gåver til strikkemedsøstre.


Husflidbutikken i Odda strena eg raskt forbi - men eg hadde hørt rykter om at det skulle finnast ein butikk til. Og det stemte, garnradaren min peila den inn rett bortanfor "torget". Bunad, Garn og Quilt.


Eg er glad i korger og butikkinteriør som byr på litt skattejakt, men her mista eg heilt oversikten. Koffer i all verden skal alle dessa nydelige nøstene ligga i plast! Litt meir orden i sakene her, og eg hadde garantert vandra ut med ein svær pose.


                    Ingenting var logisk plassert.... Men katalogane frå Drops var gratis.
 

Enden på visa var i alle fall at eg, til tross for fleire garnbutikkar, reiste heim med eit par joggesko til minstejenta, og ingen garnnøster!

3 kommentarer:

  1. Uff så rotete og lite innbydande og handla der da. Det såg lite fristande ut og må vel gå ut over salget.

    SvarSlett
  2. Det HAR skjedd for meg og, dette. Og kvar gong er eg like overraska og lurer på om eg er sjuk... Men du har et godt poeng i det du seier om presentasjonen. Eg har omtrent rygga baklengs ut av sånne butikkar, du mister liksom berre "lysta". Dei skulle berre ha visst kva tap det er for kassaapparatet! God helg, Jane!

    SvarSlett
  3. Enig, det skal jo friste :) de tapte nok noen kroner da du gikk ut tenker jeg, skal jo se litt innbydende ut, om de da ikke nettopp har åpnet og kanskje ikke kommet seg helt i orden ennå da.... Ja-ja, blir vel litt på neste handlerunde da tenker jeg :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten