torsdag 16. januar 2014

I have a dream... om ein jakke

Sjølv om me berre har komt til midten av januar, så kjennes jula som noko fjernt som skjedde for lenge sidan. Følte meg litt sånn som dette når det nye året plutselig skulle starte med brask og salutt!
(Eg vil gjerne understreka at dette ikkje er eit sjølvportrett, eg har nemleg kortare hår! Bildet snubla eg over på ei fb-side, så det har eg tjuvlånt!)


 
I det eine Familien som kom rett rundt jul, så var det mønster på ein råflott jakke. Det er sjeldan eg finn noko som eg kunne tenkt meg sjølv, men denne har eg kikka og kikka på og tenkt at jammen skulle eg hatt ein sånn i skapet. Bare sjekk den kule reimsaken øverst i halsen!


Eg går til stadighet tilbake til jakken, men synes den ser for invikla ut for meg. Har jo aldri strikka eit så stort plagg med ein masse flettemønster. Men tenke den kanskje kan ligga på modning ei stund. Kanskje blir eg modig nok ein dag til å kasta meg uti det.
Viss nokon har strikka denne i ein annan farge hadde det vore veldig artig og sett.

3 kommentarer:

  1. Denne jakken får du nok til Jane :) fletting er gøy, så er det ganske så enkelt. Så vet du det er lov å spørre om du treng ei håndsrekning... :) den er lekker!

    SvarSlett
  2. Er sikker på du greier å strikke denne. Den er flott. Lykke til når det har modnet litt.

    SvarSlett
  3. Jakka er kjempefin. Denne greier du. Lykke til.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten