tirsdag 3. september 2013

Det er lov å la seg friste....

.....men det er ikkje alltid så lurt. Eg har jo tidlegare nevnt at eg får litt sånn skylappar på når det kjem strikkeblader, eller vekeblader med strikkebilag, i butikken.
Og eg burde etterkvart ha lært av mine feil, men det skjedde nok ikkje denna gongen.
Made by Me havna jammen i posen og blei med heim. Strengt tatt etter tre blader så burde eg ha lært at dette ikkje er oppskrifter som er forenelige med min strikkestil og smak. Snodig nok så har eg jo alltid et lite håp om at det skal vera noko lekkert inni der som eg bare MÅ strikka.


Det var det ikkje. Eg må berre innsjå at eg og Tine Solheim slett ikkje er på bølgelengde.
Det eg likte best var kanskje den fine heilsides annonsa til Mauds garn..
Nei, no lyg eg litt. Det var ein fin herregenser der, men min herre brukar ikkje tjukke genserar.
Og så fann eg ei fin barneoppskrift, men den har eg i originalheftet frå Lang. Nå må eg innsjå det ein gong for alle, MbyM er ikkje for meg!! Desse kreasjonane rett frå catwalken passar ikkje inn når ein skal ned å handla på butikken i Uskedalen.  (Gidde nåken minna meg på det når neste utgåve kjem i butikken??)

Blad nummer to som blei med heim var Strikkeboka til Familien. Det bladet kjem jo eit par-tre gonger i året, og eg har alltid likt det kjempegodt. Her har det vore mykje fint for ein kvar smak, med ei god blanding av traust og fancy, for små og store.


Men, eg er enten blitt uhyre kritisk på mine gamle dagar, eller så har dei tapt seg litt. Eg fann sjølsagt eit par ting eg kunne tenkt meg å strikka, men her var mykje merkelige greier også. Synes mange av tinga ber litt preg av hastverk, at mønsteret er laga i hui og hast for å fylla opp sidene. Nå er jo trenden litt slik, at det går mykje i tjukke pinnar og mohairgarn, men her saknar eg litt motvekt på andre sida. Likevel, det er mange gonger bedre enn MbyM!
Den absolutte høydaren i bladet var at dei testa alpakkagarn, og det var kjekk lesnad!! Sånne "forbrukartestar" skulle det vore mange fleire av i strikkeverda, både på garn, butikkar og pinnar!!

Pinnane mine har ikkje vore flittig i bruk i dag. Dei trengte kanskje kvila etter gårsdagen då dei først var i strikkelunsj hos Linda, og så strikka dei reine maratonetappen på kvelden då eg hadde stova full i strikkande venninner. Men no tenke eg dei har restituert seg nok og må i gong igjen!
Ha ein fin strikkekveld/natt - takk for at du klikka innom!

2 kommentarer:

  1. Så greit å lesa di erfaring med MbyM, eg har ikkje ein gong sett i det. Vart så skuffa over dei to første at eg stod over det i vår.

    Familien si strikkebok lurte seg med meg heim i førre veka, hadde handla alt for lite på ein bytur. Fine modellar, så kanskje det blir strikka noko frå dette bladet

    SvarSlett
  2. Eg klarte det, vett du!! Hoppa bukk over MbyM!!! Kjøpte Fam. strikkebok. Er litt øvegidde på kor monge mønstrar det var der på hals??!!! Men, absolutt eit greit magasin å ha i hylla.

    SvarSlett