onsdag 4. september 2013

Florlette babysokkar

To dagar uten tv (ufrivillig, det må understrekast) har gjort at eg har fått ferdig et par prosjekt.  Kanskje på tide, vil nokon sei. Ut i frå dei siste blogginnlegga ser det jo ikkje ut som om eg gjer anna enn å shoppa garn og mønster. Men eg kan altså forsikra om at eg strikkar litt innimellom og..

Eg hadde ein liten rest med Fine Wool igjen etter genseren til Victoria. Ganske utruleg at denne genseren, strikka i dobbel tråd, berre veg 216 gram. Og den er slett ikkje liten i størrelse, ca 12-14 år.


Det kunne derfor ikkje bli den heilt store tungvektaren av babysokkane eg strikka i garnresten. Pinne 2,5 og litt påfuglribb - vips så har ein et par små babysokkar. Vekt - KUN 16 gram.


Eg kjøpte tynt sløyfeband i dag som eg vurderar om eg skal tre i sokkane, men eg har ikkje bestemt meg. Dei sitte jo egentlig godt på foten med den passformen dei har, så sløyfeband blir kun jåleri. Som småbarnsmor veit eg jo at det enkle ofte er det beste..
Enn så lenge har eg putta dei i Epla-butikken min, så kan dei venta der mens eg tar ei sløyfebeslutning!

Den høgst ufrivillige mangelen på tv-kikking kom av at min kjære mann skulle bytta dekoder på søndag...Me trudde alt funka fint, og han reiste til Sverige. Så skrur eg på tvn mandags morning og får kun svart skjerm og beskjeden "no signal". Du kan jo gjetta tre gonger om det var mange smilefjes på den meldinga eg sendte avgårde i gubben si retning...
Han kom heim igjen i natt, så i kveld har eg sett på tv gitt!
 

2 kommentarer:

  1. Det var skjønne babysokker!
    Og bare 16 gram.... Helt sikkert herlige på :)

    SvarSlett
  2. Så flotte sokkar.... og så lette då! Sikkert godt å få tv tilbake, både for deg og dei andre i familien.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten