lørdag 21. september 2013

Malsen og Mor

Eg lar meg lett leda ut i fristelse når det kjem til nettsider som selge garn. Og etter å ha lest bloggane til Sølvi og Åshild etter deiras besøk hos Malsen og Mor, ja då var det jo ingen veg utanom. Eg bare måtte sjekka ut nettbutikken, og sjå om det var nokon fristelsar som hadde lyst å flytta til Uskedalen.
Eg har tidlegare snust litt på garn herifra, men har ikkje funne noko som har klart å overbevisa meg. Denne gongen blei det avklart ganske kjapt at det kom til å bli ei bestilling herifra, men det var ikkje grunna garnet. Det var derimot to nye hefter som var ganske sjølvskrivne i samlinga mi.
Babystrik på Pinde 3 er vel det ein kan kalla ein suksess, så når det nå dukka opp to nye hefter i same stil frå same designar, ja då var eg ikkje lenge om å trykka på "kjøp"-knappen.



Eg fell pladask for denne stilen. Enkelt, ryddig, ikkje for bråkete mønster. Og det beste av alt, det er mange monteringsfrie modellar. Hurra!



Og sjølve heftene er så utruleg lekre også, i litt grovt, matt papir. Det er liksom prikken over i-en.


Når eg likevel skulle bestilla heftene, så blei det jo litt garn med også.
Mjukaste mjuke silkeblandinga - denne trur eg aldri eg skal strikka av, men ha på nattbordet å klemma på.



Og så var sommerull på tilbud, og det virka som ein god ide å testa ut det. Fargen var ikkje heilt som eg trudde ut i frå bildet på nettsida, men i lag med ein fin blåfarge trur eg slett ikkje det blir så dumt.



Malsen og Mor har nettbutikk, og så hender det av og til at dei opnar dørene til lagerutsalget. Er du på facebook kan du finne dei der, og då får du med deg oppdateringar som gode tilbud, nye mønster og ikkje minst kva tid dei opnar dørene til lageret sitt!!


2 kommentarer:

  1. Veldig kjekt å følge med i bloggen din, Jane!
    Her kommer det stadig nyttig info om hva som finnes på markedet :)
    Lekkert garn du har snopt deg
    -og kjekke hefter selvfølgelig!!

    SvarSlett
  2. Flott garn og fine hefter. Ja, hvorfor skal en nå strikke av alt garnet, noe er som laget for kosing også.
    Pussig, men jeg var akkurat innom denne nettbutikken i går. Fant et herlig garn i tynn shetlandsull - 60 farger. Jeg endte opp med å tenke meg om. Hmm Hadde egentlig lyst på alle.

    SvarSlett