søndag 1. september 2013

Garntur til "Lille-Murmansk" (Odda)

Eg har fleire gonger lufta for venninner at vi må ta oss ein tur til Odda og besøka Vetlaløo, og på fredag sette eg og Lene oss i bilen og vende nasen mot nabokommunen.


Vetlaløo er ein ikkje heilt A4 garnbutikk. Den ligg i ei ombygd, gammal løa på Mannsåker, har åpent berre nokre få dagar i månaden, og husar veldig mykje rart! Det lovar godt alt på veg opp frå bilen...


Og kven vert ikkje freista til å gå inn her? Merka at eg hadde veldig høge forventningar til dette besøket.


Eg diggar sånne butikkar som dette, der ein må ha fleire rundar for å få med seg alt. For her er ikkje bare garn og strikkepinnar. Her får du kjøpt te og gammaldags snop, keramikk og ferske potetkaker, knappar, sålar og masse artige dingsar du ikkje visste du hadde lyst på! Og alt dette er jo sjølsagt i tillegg til ein haug med garn og pinnar!




Eg måtte ha meg tre rundar, og oppdaga stadig noko nytt. Sånne korger, helst med garn på salg oppi, er eit must for å få den perfekte strikkebutikken!


Halve lokalet er laga til med benker og bord der ein kan ta ein kaffirast, og det vert også arrangert strikkekafe her. Kan ikkje tenka meg koseligare lokaler til nettopp det formålet, med saueskinn på dei breie trebenkane, fyr i ovnen og selskap av andre strikkeglade.



Butikken har mykje Raumagarn, og det er jo som sagt ikkje min favoritt. Likevel var det ein og anna fristelse her, og ganske mange garntypar eg ikkje har sett. Du fekk både Viking, Hillesvåg og DSA her i tillegg.
Veldig mange ferdige materialpakkar på alt mulig, og det er ikkje eg vant med frå garnbutikkane her.


Dette var ein butikk etter mitt hjerta, og viss eg skal finna noko å setja fingeren på så måtte det vera at alle mønstrane stod litt gøymt i permar nede i ei hylle. Spesielt dei siste nyhetene kunne vore kjekt om låg framme. Og så må ein ha god tid når ein skal handla her, for god tid med kvar enkelt kunde vert prioritert langt framføre effektivitet.


På den positive sida er det fleire ting å poengtera. Som dei flotte lokalene, gode stemninga og supertriveleg betjening. Likte at det var eit og anna drypp av litt spesielle og eksklusive garnsortar der. Sånne eksotiske drypp let eg meg fort frista av! Og så hadde dei små handlekorger, absolutt eit must så ein har armane fri til kjenne-klemme-føle-testen. Noko alt garn som skal vera med meg heim må gjennom!
Meir info om butikken finn du HER, og så kan du finne dei på Facebook!

Nå er det berre å prøva samla troppane så me får komt oss på strikkekafe der inne!

6 kommentarer:

  1. Dumt at eg var litt "låst" til seinvakta mi. Men, her skal eg - definnitivt!! Så fin blogg og fine freistingar du har funne fram til!!! God pr for vetlaløa detta!! Eg likar!!

    SvarSlett
  2. Åh, for en plass Jane, søren til avstander, så koselig blogg du har laget :) og flotte bilder

    SvarSlett
  3. Jane -her må du ta meg med :))))
    Her så det bare ut til å være kjempekoselig!!!

    SvarSlett
  4. Du store tid! Ja dette ser kjekt ut!
    Takk for at vi fekk vere med på ein triveleg tur!

    SvarSlett
  5. Åh, for ein koseleg butikk! Synd det er så langt til Odda...

    SvarSlett
  6. ..enda lengre herfra :-(

    Skulle gjerne ha vært der :-)

    SvarSlett