tirsdag 6. mai 2014

Frustrasjon del 2

Innlegg to i dag, i rein frustrasjon. Skal innrømma at min aktelse for strikkemønster har vore i fritt fall. For som eg utbasunerte her før i dag, så blir eg mektig irritert over at mønsteret ikkje stemme. For kva er vitsen med diagram og maskeantall viss det ikkje stemme? Då kunne ein jo lika godt ha laga eit fint mønster og latt det stå noko som: strikk ein genser som passe sånn cirka til den som skal ha den, her er diagrammet. Det går antageligvis ikkje opp, men det gjer ikkje noko. Ikkje sikkert det vise så veldig masse...


Eg har ikkje strikka så masse kofter og genserar med mønster, så eg stole jo blindt på oppskrifta. Det tenker eg at det truleg er mange andre, spesielt nybegynnerar, som gjer og! Og som meg, så begynne sikkert dei også å tvila på seg sjøl, om ein har gjort rett, når mønsterrapporten ikkje går opp med masketalet.. Lure på kor mange gonger eg telde, sjekka oppskrifta, telde på ny, sjekka diagrammet. Men neida, det stemde ikkje uansett kva vei eg snudde og vende på det.


Og så kjeme drevne strikkedamer og fortelle meg at det sjelden stemme med masketal og mønster på armane. Det stemme på bolen, men som regel aldri på armane.  !!!!!!!!!
Altså, hallo i luken, kva sløv jobb er det då? For min del var det snakk om to masker, kunne dei ikkje bare ha skrive at eg skulle auka til 102 i staden for 104 masker. Då hadde det stemt, og dei 40 mm dei to maskene utgjer, kjem ikkje til å vera avgjerande for genseren sin bruksverdi.


Så ser eg jo at andre bare har ignorert at det blir litt feil i mønsteret, dette kjem jo midt under armen og vil ikkje visa. Men, eg som er hardt angrepet av pirkius nøyaktigus kan jo ikkje leva med at det er noko som ikkje stemmer i mønsteret. Ikkje sjans.
Konklusjon, etter mykje irritasjon, frustrasjon, gode råd og tips: Eg feller to masker på første omgang med mønster, og kryssar fingrane for at den hekkans rapporten går opp denne gangen.
...og at mottakaren ikkje driv hardtrening av overarmsmusklar slik at dei 40 mm faktisk blir avgjerande!

3 kommentarer:

  1. Dette skal gå så bra! Husk det er mange vegar som fører til ROM

    SvarSlett
  2. Jeg hadde nok gått for samme taktikk som deg. Lykke til!
    Blir spennende å høre hva slags oppdatering vi får i morgen! ;)

    SvarSlett
  3. Det har mange ganger irritert meg at dei ikkje merker av i mønsteret kor ein skal starta,
    då hadde det vore så mykje enklare, sluppe styret med rekning og telling!!
    Dei to maskene betyr ingen ting, det går heilt fint å gjera det på din måte ;)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten