søndag 20. mai 2012

Sokkar - lubbar - lodder - hoser

Kjært barn har mange navn seiest det, og nå er desse sokkehoselubbane til onkel ferdige. Fire par i grovt raggegarn skal avgårde til fargre Telemark. Og vips så var jammen raggegarnlageret tomt. Men Jane er ikkje rådlaus av den grunn, jammen bestilt meg 60 nøster med Treskogarn frå Sotra Strikkeshop, så det burde halda til nokre par. Reknar med at det ikkje går så mange vekene før eg har ny sokkebestilling.




 Mange år sidan eg strikka med Treskogarn, men huskar at farmor alltid brukte det. Har forresten arva strømpepinnane hennar, metallpinnar, men etter mange års bruk er dei blitt heilt avrunda i tuppen og fantastisk gode å strikka med. Einaste settet med metallpinnar som blir brukt, ellers bruke eg kun bambus og pinnar frå Harmony Wood. Og sjølsagt ibenholtpinnane mine når det høver seg. (Har berre eit sett foreløbig) Pinnar bestille eg alltid hos Garnkurven.no, ekstremt bra utvalg, og gode prisar. http://www.garnkurven.no/index.php?route=product/category&path=121_35_36

Siste sokkebestilling unnagjort, så nå får eg kasta meg over ein liten jentekjole. Har så lyst å strikka ein heilt lys variant og prøva sy blondekant på nederst. Aldri prøvd, hate jo å sy, men håpar at det blir såpassa fint at det gjere opp for kjedsomheten med å sy det på. Forsøket verdt. ser i det siste babyheftet frå Dale at det er brukt, og veldig dekorativt med dei sarte blondene inntil ull.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar