lørdag 12. mai 2012

Bok som sette spor

Eg er glad i lesa, men får desverre ikkje tid å lesa så mykje som eg skulle ønska, det stjele jo strikketid. I motsetning til alle andre, som lese på mørke haust og vinterkveldar, så føretrekke eg å lesa om sommaren. Ute i sola når det er for varmt å strikka, ja då kan eg lesa.

Eg elskar krim, og dei siste åra har eg kun vore utanom krimsjangeren to gonger. Eg har lese bøkene "En shopoholikers bekjennelser" og resten av bøkene der, samt Berlinerpoplene og dei to etterfølgerane til den. Sånne virkelighetshistoriar med folks tragediar styre eg unna, det blir alt for nært, og eg vil helst drømma meg vekk og var i ei anna verd når eg les, rett og slett pur underholdning. MEN, eg vant ei bok på ein nettstad (Norge123) "Leon - grep livet mot alle odds" av Vera Rubicon, og denne slapp gjennom nålauga..





Eg har aldri grene så mykje i mitt liv! Boka er fantastisk og rørte ved alt i meg, både på godt og vondt. Det var mest gledestårer, men eg trur ikkje eg leste ei sida uten at det trilla ei tåra. Eldstejenta kom heim frå skulen og lurte på ka som var gale, eg satt jo der å grein! Så boka måtte lesast når eg var aleina. Men for ei bok, den er bare så fantastisk at eg kan ikkje setta ord på det. For det første stride den jo mot mine leseprinsipp, det var ei bok frå virkeligheten, det var om et barn og det var skjedd ganske nylig.
 Angre ikkje et sekund at eg bladde opp på første side og blei kjent med Leon og mamamen og pappaen hans. For ein fantastisk gjeng. Vera Rubicon har formidla dei tøffe dagane på sjukehuset og tida etter på ein sånn rett fram og ærleg måte at det er ikkje ein teit klisje å spora i heile boka. Ikkje noko sjølvmedlidenhet eller patetiske fraser, bare rett fram at slik er det! I tillegg er det masse fantastiske bilder som gjere at du virkelig får inntrykk av opplevelsane.  Eg var kanskje ekstra mottagelig sidan eg hadde ei lita heime sjølv, men den som ikkje blir rørt av denne boka må ha et hjerte av stein.

Det som er ekstra kjekt er at det har vore mulig å følga Leon, som nå har blitt ein stolt og ansvarsfull storebror, gjennom bloggen, og det trillar jammen ei tåra av og til då og. Takk for ei uforgløymeleg bok!

Boka kan du få tak i her f.eks: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=6161559&rom=MP

Og av meg får denne boka full yatzy, terningkast 6!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar