lørdag 26. mai 2012

Garnpakke frå Danmark

I går var det egentlig ein ganske fin dag. For det førsta så sank temperaturen litt utpå dagen, det vart nesten leveligt, eg fekk garnpakke i posten og det opprekksprosjektet som skulle bli klut, vart ferdig.






Trur eg har brukt tre dagar på den eine, litle, enkle kluten. Har tulla og rekt opp så mange gonger. Trur det må vera varmen som sette meg ut av spel, for det er nå verkeleg ikkje eit avansert mønster. Rett ein pinne, så annankvar rett og vrang pinnen tilbake. Garnet eg brukte var eit einsleg nøste bomullsgarn frå Dale. Ganske tynt, men strikka på pinne 3,5 for å gjera det litt luftig. Satsar på at mottakaren blir fornøyd.
Neste klut er alt på pinnane, denne i Muskat Soft frå Drops.







Så må eg bare visa kva eg har fått tak i. Ein heil perm med strikkemønster og boka om Fanatrøyer. Ei som skulle kvitta seg med det, og eg er jo alltid interessert i gamle oppskrifter og mønster. Galskap å hiva slikt, har meir enn nok plass til å ta vare på det eg. Og om modellane frå 80 og 90-talet ser litt snåle ut, sånn jamt over litt trange, så er det då fullt mulig å henta tips og idear frå dei ulike mønstrane. Og boka om Fanatrøya er jo ein skatt i seg sjølv, så spennande å sjå at dei første Fanatrøyene var heilt kvite med strukturmønster, ikkje dei velkjende stripene med lus som alle forbind med mønsteret i dag.  Eg følte i alle fall eg hadde gjort eit kupp.
























Og så dukka det opp ein mjuk pakke i postkassen i går, det er alltid kjekt. Nye typar sokkegarn frå http://123knit.com  Desse typane har eg ikkje vore borti, Superba og Crazy Zauberball, men gler meg til å strikka av det. Ser at det eine Superbanøstet, Santa Fe, gir striper i staden for melering, og det er jo ikkje min favoritt. Håpar likevel dei blir stilige.













Sidan denne sjeldne saken ein kallar sola har bestemt seg for å verkeleg la oss få ein smakebit av sommaren, så blir det meste av dagane tilbragt på terrassen. Rett nok i går blei det litt tid inne, grunna trang til å gjera husarbeid og ikkje minst kraftig raudfarge på ein arm og leggane, men i dag er vi klare for bading og soling igjen.
Eldstejenta var ute og leika i kveldinga, og hadde visst hamna i basketak med ein postkasse. Resultatet såg slik ut. Ikkje spør meg korleis ho har klart det, men det går tydeligvis an.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar