torsdag 24. mai 2012

Kraftig vektauke

.... ja vektauken gjeld garnlageret, ikkje meg... Hadde jo store forsetter ved nyttår at eg skulle klara krympa lageret mitt. Kremt, det har gått lika dårlig som alle andre nyttårsforsetter pleie gjera.


Tok mot til meg i dag å rekna samen kor mykje lagerstatusen var på etter diverse store innkjøp. Var jo sikker eg hadde passert 100 kg etter kvart, men så gale var det ikkje. Etter å ha teke med siste innkjøpet på 114 nøster hos Strikkenett, det er jo tross alt salg, så er lageret nå på 84,2 kg. Litt meir enn eg starta på, men tross alt godt under 100 enda.
Det skal jo leggast til at eg sist veke bestilte garn 3 plasser på nett, så det kjem vel eit par kilo i posten denne veka...
Status 1. januar var vel 64,5 kg, så det har vore ein markant vektauke rett og slett. Slik ser det ut på gjesterommet også, snart ikkje plass til gjester der om dei då ikkje vil ligga inntil, oppå og ved siden av garn...




Trur faktisk ikkje det fins nokon kur, at eg er uhelbredelig garnhamstrar. Men ser jo fordelane. Fann mønster på ein jakke eg har lyst å prøva strikka, og då var det bare å gå i kjellaren og finna garn.. Kan ikkje bli bedre..

Med nydeleg vêr i dag og, så får eg ta med strikketøyet ut på terrassen, den må jammen brukast mykje skal eg forsvara investeringa der.

1 kommentar:

  1. Noken hamstrar garn og nokon hamstrar stoffer..............

    SvarSlett