onsdag 23. mai 2012

I revers

I går gjekk det meir i retur enn på fram på strikkefronten. Har fått bestilling på fem kjøkkenklutar, og var i full gang med klut nr 1 når eg begynte å lura på om den ikkje vart litt for smal? Tenke at eit nøsta må vera passeleg per klut, då slepp eg jo unna restar. La opp 60 masker, rett og slett fordi det hadde eg sett andre gjorde, og durte som sagt i veg. Hadde vel berre 1/4 igjen av nøsta når eg fann ut at den blei for lang og smal, så då var det ikkje anna å gjera enn å rekka opp. Då hadde eg sete og strikka og tenkt på dette ein god del omgangar, så eg brude vel bare rekt opp på første innskytelsen. Så sånn såg altså resultatet etter gårsdagens strikkeinnsats ut..







Med det fina vêret som er denne veka er eg så glad at terrassen blei ferdig. Angrar ikkje eit sekund på at eg valgte å bytta dei gamle plankane med kompositt. Dyrt, men du og du så utruleg herleg å sleppa olja, beisa, pussa og flikka kvart år. Nå ligg dei gråe, fine flisefrie plankane der og treng aldri nåke som helst form for stell.



Før




Etter

 Bakka Forskaling gjorde jobben, og ikkje nok med at han fekk terrassen på plass, han underheldt også Madel gjennom glaset. Ekstraservice.. Sjølve komposittgolvet er kjøpt hos terrassespesialisten.no.
Jammen fekk eg meg ei ny, større trapp også. Vart veldig bra, og nå slepp dei som bankar på risikera at eg slår dei ned med døra når eg skal opna. Verdt kvar ei krona!






Så strikkeplassen for dei neste månadane er klar,  kan kosa meg her med spøtet så lenge det ikkje blir for varmt. Trur jammen eg skal testa med ein gong, så kanskje den rosa kluten verte ferdig i dag?










1 kommentar:

  1. ÅÅÅÅ, misunner deg den vedlikeholdsfrie terrassen:)Det blei kjempefint.
    Sjøl har me skiferheller som blei lagt i min ungdomstid og dei har bestemt seg for at dei slett ikkje vil liggja der dei ein gong var:((((
    Ikkje møkje strikking her i garden om dagen. I går sat eg unda parasollen med ei god bok heller:)
    Ikkje har eg farga garn heller.
    Ha ein fin torsdag:))

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten