torsdag 17. mai 2012

17. Mai

Ja, så var årets lengste dag over, i alle fall pleie dagen vera lang, i trang bunad, vonde sko, regn og oppkava ungar. Eg derimot har hatt ei ganske så alternativ feiring i dag uten det snev av bunad. Meir i stilen joggebukse og strikketøy.  Sidan eldstejenta er på hyttetur, pappen i huset skulle jobba, og vetlajento fortsatt ikkje ane kva 17. mai er, så nytta eg sjansen til å fint snika meg unna alt av skjortestryking og trasking i tog. Og jammen blei det ein fin dag lell. Har fått strikka ein halv sokk og vaska masse kler. Og kvelden er komt uten gnagsår hverken etter bunadsliv eller sko! Minstejenta ser ganske fornøyd ut ho også.







 Som eit sånn lite klapp på skuldera til meg sjøl vart det ei aldri så lita garnbestilling nå.. på yarn.com.  http://www.yarn.com/index.cfm/fuseaction/product.detail/categoryID/1B36B788-4B54-407B-81FA-4186BE740524/productID/760861DD-422C-4A33-A61E-85D831239C6E/

Fantastisk butikk, som har det mesta. Det som frista meg var Misti Alpaca Handpainted på tilbud, og et XXL garn som eg ikkje har sett før. For ganavhengige meg er det ikkje lett å motstå dei nyhetsbreva derifrå nei...

Nå er det te i koppen og strikketøy i fanget, og håpet om at det skal sendast noko spennande på TV i kveld...

1 kommentar:

  1. af og tel er det godt bare å være heime på slike store dager, og du var da i full sving dagen lang leste jeg så dårlig samvittig het skal du ikke ha nej.
    klem tone lill

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten