tirsdag 15. mai 2012

Resultat av garnfarging

Begynne bli eit par veker sidan eg og Lene farga garn, men var jo utan nett ei veka, og så måtte eg jo somla meg til å nøsta opp herlighetane. Men nå er bilda tatt og eg kan visa til før og nå, og fargemetode.

Det var mykje rart som havna i fargebada, og eg ser jo det at det er ikkje noko plankekjøring å farga hverken syntetisk garn eller bomull.

Dette blå nøste fekk eg av naboen til mamma og pappa ein gong på starten av 90-talet. anar ikkje kva garn det er, men det er veldig laust i tvinnen og tok særs godt farge, så satsar på det er ull.
Farga med Kool Aid, i fargane grape, black cherry og cherry. Veldig fornøyd med resultatet.






Så var det et gult nøste med Viking Sportsragg. Dette farga Victoria i vannbad med konditorfarge, blå, grønn, gul og rød. Tok jo litt farge, men blei jo ein skikkelig guffen grønfarge.



 




To nøster beige babyull frå Viking blei ganske så knæsj etter ein runde med Kool Aid. Her brukte eg pink lemonade, grape og strawberry trur eg..  Veldig fornøyd med fargane på dette. Kan kanskje bli ei fin hua..?









Så var det høgdepunktet.. Får nesten sitronsmak i munnen av å sjå på desse.. To gule nøster med Partigarn frå Sandnes Uldvarefabrikk, kjøpt for 12-13 år sidan, blei dyppa i blå og grønn Kool Aid, trur fargane heite berry blue og lime. Hadde desverre bare ein pose med blå, men den skal det jammen bestillast meir av. http://www.kraftbrands.com/koolaid/products.aspx








Og så var det dei mislykka prosjekta.. Ville nå prøve ein runde til med bomullsgarnet, denne gangen i form med konditorfarge. Pøste på med farge, men dåke ser jo resultatet.. Ser bare litt skittent ut og så ein og annan svak, svak grøn prikk.




Så hadde eg et akrylgarn frå Marks&Kattens, rosa til tusan, og eg tenkte nå at med knall rød og litt lillaaktig så ville dette bli stilig. Men i likhet med bomullsgarnet, så fekk det ikkje farge. Prøvde faktisk to gonger, men etter skyllinga er det ingenting som røpar at eg iherdig har prøvd å farga denne hespen!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten