mandag 14. mai 2012

Luftig og friskt!

Ein skulle jo tru at dagane no skulle vera prega av fuglesong, solgløtt og et snev av pollen i lufta. Men nei, her er det ikkje snakk om nokon av delane. Dei siste 24 timane er det kome nærare 100mm nedbør, vindmålaren syner 23 m/s og det ular rundt hushjørnene. Fuglakvitter hadde ikkje hatt noko å stilla opp med mot det rabalderet vinden lagar.

Og når me stod opp i dag, så var me veldig glad at me hadde sett opp trampolinen for sommaren, og ikkje minst at den stod akkurat der. Ufatteleg kossen dette bordet har havna der, tungt metall og glassbord. Men fytti eg er glad det landa der, ellers hadde det nok vore i tusen knas. Og det kunne fort bilen også vore, som stod rett ved sidan av.



Men med sånn vêr er det berre ein ting å gjera; fyra i peisen, finna strikketøyet og ein god kopp te.
Så får eg håpa at sokkane som skal leverast på onsdag, 4 par herresokkar, verte ferdige i dag.

2 kommentarer:

  1. Heiane mann!! Det var godt gjordt av vinden å plassera bordet som ein innertier på skyteskjevå!

    SvarSlett
  2. hehe.. snakk om flaks egentlig! utrulig at det sku fyka avgårde og ikkje trampolina?!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten