fredag 11. mai 2012

Nettlaus!

Skrekk og gru, har vore utan verdsveven i nesten ei veka. Sist fredag, sånn omtrent midt på dagen var det ein kar som visstnok klarte slita ein sjøkabel med ankeret på båten sin. Det førte til at store delar av Sunnhordland stod utan internett. Desverre også meg. Litt skremmande å sjå kor avhengig ein er av den daglege runden innom nyheter og vær, bloggar og strikkesider og fb.
Men, eg overlevde altså, og kosar meg på nett igjen.

Må først visa at mamma har kjøpt garn til meg. Ho var på tur til Vilnius, og eg sa at kom ho over ein garnbutikk måtte ho kjøpa med ein souvenir. Ho hadde då ikkje komt over nokon butikk, men gått og leita og traska til ho fant ein. Så eg fekk meg sokkegarn i Merinoull, mohair i rosatonar, og nåke tjukt som truleg egnar seg til toving. For å sei det sånn så skjønne eg ikkje så mykje av det som står på banderolane, klare finna ut vekt og antal meter, resten er gresk for meg! Litt usikker ka det hårete, rosa mohairgreiene skal brukast til. Tips mottas med takk!




Litt nye strikkebøker har ankommet hyllene mine og. Tre små frå Nille med ulike tema i kvar. Egentlig bare den "Lær å strikk masker" som var nyttig, dei to andre hadde litt meir ukurante ting for meg. Som f. eks skjerf i rillestrikk. Trur faktisk eg skal klara det utan oppskrift og rettleiing.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten