fredag 4. mai 2012

Lilla liten sak

Eg har ein lei tendens til å aldri sei nei når folk ber meg strikka nåke på bestilling. Også når det er ting eg aldri har strikka før. Det hende at eg angrar ein smule når eg då skal gå i gang, men denne gongen går eg på med friskt mot. Fekk spørsmål frå ei venninna om å strikka babybooties og kjole, og babykjole har eg faktisk ikkje strikka før. Så då syntes eg det er greit å strikka gjennom oppskrifta sånn at eg har prøvekjørt.

Oppskrift fann eg i boka Strikk til Nøstebarn, den kan du mellom anna få kjøpt her: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/enkeltSok.do;jsessionid=928C1B16A2635734D8ADDD4691E23722.node2?enkeltsok=Strikk+til+n%C3%B8stebarn&button=%C2%A0.

Eg er ikkje så veldig glad i rillestrikk, men ville følga oppskrifta til punkt og prikke, for så å eventuelt gjera endringar på neste. Det eg ser er at eg vil gå ned ein pinnestørresle på rillene for at det ikkje skal reka nedover, og så vil eg fella kun i sidene, ikkje midt på stakken.





Men med treknappar, og ein runde i Milovatn for å få den slett og fin, så synes eg resultatet blei ganske så bra eg. Og modellen er praktisk og enkel å ta av og på ein liten verdensborgar. Sånne ting er som regel vel så viktige som kor fint det ser  ut. Upraktiske plagg blir bare verande i skoffen.

Garnet eg har brukt er Baby Alpaca Silk frå Drops, og det er ekstremt mjukt og godt. Garnet er til og med på salg nå, 30% rabatt, og det gjeld alle ullkvalitetane til Drops.
Har du ikkje garnbutikk som fører Drops i nærheten kan eg anbefala strikkenett.no på det varmaste. Veldig god nettbutikk, og gode prisar!



Et nøste med nåke bomullsgarn frå Gjestal har eg og klart å bruka opp, det har blitt ein klut. Ser at på neste så må eg legga opp litt fleire masker, for å få ein meir kvadratisk fasong.




I dag blir det og ein kjekk tur på butikken. Fekk akkurat melding på mobilen om at pakke frå Strikkenett kunne hentast på Spar Uskedalen. Så 114 flotte nøster skal få bli med meg heim i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar