torsdag 31. mai 2012

Skatt frå 1946

Eg har handla strikkebøker, igjen. Denne gongen på ein liten nettstad som heiter gulltraaden.no. Her var det ei som skulle kvitta seg med ei strikkebok frå 1946, samt ei bok for barn med ulike håndarbeidsteknikkar, denne frå 1966.

Bok frå 1946





Storkosa meg med dei begge, så masse artig å sjå, og oppskriftene er skrivne på ein heilt anna måte enn nå til dags. Meir som ei forteljande historie, enn ei oppramsa strikkeoppskrift. I tillegg er det snodig med den formelle tonen i bøkene, De og Dem. Fantastiske bilder og, og garntypar eg aldri har hørt om.






Sjølv om eg nok ikkje kjem til å strikka nokon av plagga i bøkene, så er det kjekke mønsterrapportar å plukka med seg, og ikkje minst så har dei stooor underhaldningsverdi.

Garn har det også komt. Jaja, eg skal innrømma det, eg er ein garnhamstrar! 60 nøster med treskogarn, bestilt hos Sotra Strikkeshop. Så denne veka har eg handla over 60 nøster garn, men bare brukt 4. Ikkje rart det fyllest opp. Men, har klart å motstå garnsalget hos Sparkjøp da, så synes ikkje alt håp er ute for meg:)







Rekrutteringa til neste generasjon strikkerar er også i gang... Ho kjem springande og skal hjelpa til. Ein pinne i kvar hånd, og så vrir ho pinnane mot kvarandre..



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten