fredag 18. mai 2012

Garnspiral

Eg har investert i ein ny duppeditt til strikkinga. Som ei bekjent så godt sa, ein sånn ting du ikkje visste at du trengte! Det er rett og slett ein garnspiral. Inni her legg du nøstet, så slepp du at det dansar rundt på golvet eller terrassen når du strikkar.
Desse var tidlegare å finna i nettbutikken til Pinnsvindesign, 
http://www.pinnsvindesign.no/shop/frontpage.html , men eg måtte til deiras leverandør i Danmark nå for å få tak i.





På pinnane, som forresten er supergode ibenholtpinnar som alle bør prøva, er siste sokkeparet til onkelen min. Det skal bli godt og over på et litt tynnare og mjukare garn ei stund. Reknar med at det ikkje blir så lenge, pleie ikkje gå så lange stunda mellom kvar sokkebestilling. Faktisk så er lageret mitt av raggegarn nesten tomt, så litt må vel handlast inn på den kanten snart. Fant ei nettside til ein garnbutikk på Sotra, som desverre ikkje hadde nettbutikk, men likevel kunne senda når eg visste kva eg ville ha. Utruleg god service!




Sommaren er visst også på veg, så i dag får eg spyla terrassen og klargjera den. Og kanskje det må bomullsgarn på pinnane viss det blir varmt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar