mandag 23. desember 2013

*ring*ring* skal det være et abonnement?

Det ramlar jo inn med strikkeblader i postkassen min, både engelske, svenske og norske. Eg har vel endå til gode å bruka nåken av strikkeoppskriftene der, men sidan eg sjeldan handlar andre vekeblad så må eg vel ha lov.


 Det svenske bladet Kreativ Stickning og norske Strikkemagasinet. liknar veldig på kvarandre i stil og layout, men det er ulike oppskrifter i kvar, så derfor har eg valgt å abonnera på begge.


Men, dei to bladene hadde akkurat samme julemagasin. Og ikkje bare fekk eg då dobbel opp, men bladet var elendig. Det var nemlig felles for både sy og strikkemagasinet, og alle symønstrane er jo heilt unyttige for meg. Ikkje sto jubelen i taket over dei få strikkemønstrane som var heller.


Så, når det kom faktura for fornying av det svenske Kreativ Stickning, så sa eg heller opp abonnementet. Etter nokre få dagar ringte dei, og lurte på om dei ikkje kunne frista meg tilbake med eit godt tilbud. Og med tre blader til 135 kroner inkludert porto, samt tilgang til mønsterbase på nett, jo då var eg egentlig ikkje så vond å be.


Eg må jo ærleg innrømma at eg har gjort sånn før. Når eg begynte å abonnera på Familien så var det eit sånn billig halvtårstilbud. Når ny rekning kom, på eit heilår, syns eg det blei alt for dyrt. 1000 kroner eller rundt der syns eg er vel mykje når eg kun nappar ut strikkeoppskriftene og knapt nok blar gjennom resten av bladet. Så eg sa det opp, og så gjekk eg inn på www.bladkongen.no og bestilte meg eit nytt abonnement. Under halv pris, og bladet er jo det samme. Tenk kva dei tjener på uskuldige sjeler som berre betalar rekningen uten noko meir om og men.

Så då går eg inn i nytt år med like mange blader levert i postkassen. Kanskje eg skulle testa nåken av oppskriftene etter kvart..?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten