fredag 20. desember 2013

Garnveggen klar

Det er jul om 4 dagar, men her er det oppussing og opprydding som har prega desember. No er eg endeleg i mål med all utvasking etter snikrar, begge rundane. Til og med nye skap og kommodar er vaska. Julebakst derimot, er det heller dårleg med. Har klart å hala i land 6 sortar med hjelp av mamma og svigermor, og sidan me tross alt reiser vekk i jula så får det holda.


Mannen har også hatt det stritt. Ikkje at han hverken har teke i sag eller vaskefilla under oppussinga, men han måtte skru samen heile lasset me hadde med frå Ikea. Og det var ikkje reint lite... For å sei det slik, så var det to helger med litt anspent stemning her i heimen. Men nå er alt på plass, til og med garnskapet mitt på over 4 kvadrat!
Eg har ikkje begynt å flytta inn i det endå, tenkte at det kunne vera min romjulskos. For et slik garnskap er vel den beste julegåven eg kunne fått, sånn i bunn og grunn. Eg lovar ein detaljert blogg om innflyttinga:)

Nå håpar eg at julestemninga skal komma snikande, i det minste juleroen. Fekk levert siste pakkane i dag, alle julekort er sendt og eg føler at eg er i mål. Koselig besøk fekk eg også i kveld, med ein svært smakfull julepresang: Mariannedrops, ein klassikar!! Så då er vel resten av kvelden sjølsagt: Te, spøt og Mariannedrops!

1 kommentar:

  1. Kos dere nå Jane, ser det har vært litt hektisk rundt både deg og mannen :) kos å lese bloggene dine. Så må du ha ei riktig god og fredelig jul, så blir det trivelig å se hvordan du får det mht "garnveggen" din :)

    SvarSlett