søndag 15. desember 2013

Med stryk-karakter frå han far

Sokkane eg strikka med forsterka hæl falt ikkje i smak hos pappaen min. Eg fekk rett og slett beskjed om at eg bare måtte venda tilbake til den gode, gamle "farmorhælen" igjen.


Tenkte nå at fasongen ikkje ville bli så annleis eg, når einaste endringa på den forsterka hælen er at eg strikke kun annankvar maske på den rette omgangen på hælkappa, den vrange pinnen som vanleg.


Men, der tok eg litt feil. For det første så trekke denne hælen seg veldig sammen og blir ein god del smalare. Dette kan nok korrigerast ved å laga hælkappen over 6 masker meir.
Men, eg pleie jo også fella inn to masker på siste pinnen før eg starte sjølve avmaskinga under hælen, og dette blei vanskelig når eg bare skulle strikka annankvar rettmaske. Derfor droppa eg det, og hælen blei meir firkanta enn den pleie. Dette vil jo sjølvsagt retta seg i bruk, men i følge pappa var det ganske ubrukeleg.


Eg må jo bare testa på eit par til, om den kan gjerast meir lik min vanlege hæl med litt korrigeringar ala Jane. Eller er det nokon som har andre triks å komma med her?


Eg skimtar nå mållinja i denne julemaratonen:) Alle gavene er i hus, skal bare skriva ei bunke julekort i morgon og sausa i samen nåke kake/konfektopplegg, så kan jula komma. Einaste skåret i gleden er at eg ikkje klare å få tak i ei sånn stjerna som denne.


Trur det var i fjor eller året før eg kjøpte den, og irritasjonen var stor når eg klarte å slita magneten som holde stjerna åpen. Kun min egen feil, men lika irriterande. Eg durte ut til Europris på jakt etter ny, men dei som var der i år hadde jo sjølsagt ikkje samme mønster på stjerna. Så øverst på mi ønskelista står ei kvit papirstjerne lik den eg har! Trur om Nissen kan fiksa ei slik til meg?

1 kommentar:

  1. Hei på deg, ja disse stjernene kan sannelig være til besvær, for blir det noe med den, så er det nesten alltid vanskelig å få tak i ei maken.... Håper det ordner seg til det beste Jane :) god førjulstid til deg

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten