tirsdag 3. desember 2013

Ny strikkebok!

Hurra, hurra, ny bok frå Pickles i dag! Eg bare digge dei to forrige bøkene, så denne bestilte eg rett og slett uten å sjå på bildene frå boka ein gong! Snakk om å handla usett! Og heilt ærleg, etter sjokkerande strikkelesnad i går kveld, så trengte eg litt trøst!


Blitt lite strikking i dag. I staden har det komt fram litt meir julapynt og julestjerner i vinduskarmane. Eg og jentene kose oss med kvar vår serie på TV. Først så ser vi alle tre på Jul i Svingen, og når minste rampejenta er i seng, så står The Julekalenderfor tur. Nå mangle bare litt kvitt dryss ute så er desember perfekt!

1 kommentar:

  1. Kjekkere dette ja enn det jeg leste under her. Uff og uff. Så på jul i svingen vi også. Veldig kjekt.
    Klem

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten